Svein Kristiansen var tidlegare i veka ikkje orientert om at Vindafjord kommune tapte striden om vegen til industriområdet på Utbjoa. Så seint som i sommar kjøpte Kristiansen nesten fem nye dekar på industriområdet for å kunne ekspandere bedrifta si. Også i denne avtalen med kommunen står det at Kristiansen har vegrett til industriområdet.
Stemna av søsken
— Eg er ein tredjepart i denne striden, og eg har avtale med kommunen om at veg fram til industriområdet er deira ansvar. Difor håper eg ikkje å bli skadelidande i denne konflikten. Det er kommunen som har ansvaret for at eg har veg fram til bedrifta. Det er jo umogleg å drive utan, seier Svein Kristiansen, eigar av Primærtjenesten.
Om lag samstundes som Kristiansen fekk kjøpe nytt areal på industriområdet, vart Vindafjord kommune stemna av åtte etterkommarar etter Serine og Knut Haraldsen. Dei har fire hytter på eigedommen og aksepterer ikkje lenger at kommunen eller aktørar på industriområdet, brukar vegen. Det er eit standpunkt dei har hatt i mange år. For ei tid tilbake kravde kommunen at familien fjerna to brakker som vart brukt til hytter. Etter det trappa konflikten om vegen seg opp.
Ein 3,5 meter brei veg vart bygt av Ølen kommune i 1973, og har vore brukt til og frå industriområdet i fleire tiår. Rundt 55 meter går over familien Haraldsen sin eigedom.
Bedrift utan veg
Men no har Karmsund tingrett avsagt ein dom som gir saksøkjarane medhald. Der står at Vindafjord kommune ikkje har vegrett over familien Haraldsen sin eigedom. Kommunen må slutte å bruke vegen og heller ikkje gi andre rett til å bruke den. Det siste betyr i praksis Primærtjenesten AS.
Kommunen må også betale utgiftene til saksøkarane på vel 50.000 kroner. Kommunen har frist til 3. februar med å anke saka.
— Det er litt underleg å få vite at domstolen meiner eg ikkje har vegrett til bedrifta mi lenger. På den andre sida har kommunen garantert meg veg. Det må vere ein spesiell situasjon at eit industriområde ikkje har veg, meiner Svein Kristiansen.
Bedrifta hans fraktar årleg blant anna inn og ut 300 tonn med stål, og har halde til på industriområdet i seks år.
Berre skogeigarlag
Industriområdet på Utbjoa har bestått av fleire eigedommar som har gått inn og ut av kommunen sitt eige. Kommunen meiner heile området har vegrett gjennom kjøpsavtale og vegen som vart bygt.
Motparten meiner derimot at det berre er ein parsell som har denne retten. Dermed har Karmsund tingrett gitt familien Haraldsen medhald i at tømmerkaia til Ølen Skogeigarlag har vegrett, men ikkje resten av industriområdet der industribygningane er.