Dramatisk trailervelt på Håland

Far og son frå Sveio, har truleg hatt for stor fart gjennom svingen. Lasta gav […]

Far og son frå Sveio, har truleg hatt for stor fart gjennom svingen. Lasta gav etter og traileren velta. Sonen på 20 år vart hengande fast inne i styrehuset på traileren med den eine foten, og måtte skjerast laus av hjelpemannskap frå Etne brannvesen. Etter ein times tid fekk dei mannen laus, og han vart sendt til sjukehus med luftambulanse.
– Ut i frå det legen på ulykkesstaden kunne sjå, dreier det seg heldigvis berre om eit ankelbrot og skrubbsår. Faren kom frå ulykka utan fysiske skader, sa skadestadsleiar Vidar Haraldseid frå Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.
Ulykka hende klokka 12.30 tysdag, og det gjekk bortimot to timar før den fastklemte mannen var laus. Traileren dei køyrde kom frå Haugaland Gjenvinning.