Drastiske kutt trass i «bonus»

Då rådmann Elling Hetland la fram budsjettet torsdag, hadde han allereie lagt inn dei 2,5 […]

Då rådmann Elling Hetland la fram budsjettet torsdag, hadde han allereie lagt inn dei 2,5 millionane ekstra som kjem frå den nye regjeringa. I tillegg kjem 300.000 kroner som skal gå til nye læremidlar i skulen i følgje intensjonen til regjeringa.
— Me har for høge driftsutgifter i forhold til inntekter. Dette har me nå sett over fleire år. Hadde me ikkje fått dei ekstra overføringane, måtte me gått endå hardare til verks, seier Hetland.
Nedgang i innbyggjartalet, null skattevekst og høg arbeidsløyse er nokre av årsakene til den dystre økonomiske situasjonen i Etne. Folketalet har gått ned med 24 personar det første halvåret av 2005. Det utgjer heile 800.000 kroner i statlege midlar.
— Med så liten buffer me har i budsjettet nå, er det klart at det er pengar, seier Hetland.
Kommunen kjem også dårleg ut i form av den nye momskompensasjonsordninga fordi Etne har vore gjennom store investeringar.
Utgangspunktet for budsjettet har vore ein underbalanse på vel 4,8 millionar. Totalt foreslår rådmannen nedskjeringar på mellom 2,5-3,0 millionar for neste år. Frå 2007 og utover må Etne spara inn 5-7 millionar årleg.
Kuttar barnehage
Rådmannen foreslår at Rygg barnehage blir lagt ned frå neste haust og Rygg skule frå hausten 2008.
— Per i dag vil Enge og Småfolk barnehage kunne ta imot barna frå Rygg, men desse tala lever heile vegen, så me veit ikkje korleis det blir til våren. I dag har Etne kommune full barnehagedekning, men det er ikkje sikkert at me klarer det med eit slikt opplegg, seier Hetland.
Han peikar på at Rygg barnehage har hatt ein nedgang i barnetalet.
— Men talet på barnefødslar ved Rygg har auka dei siste åra?
— Ja, men samtidig veit me ikkje kor mange som søker barnehageplass eller bruker kontantstøtte, seier rådmannen.
Forslaget om å legga ned Rygg skule frå hausten 2008, grunngjev Hetland med reduksjon i elevtalet framover. Slik situasjonen er i dag, meiner han det skal vera plass til desse elevane ved Enge.
Udelt eller nedlegging
Rådmannen foreslår at Fjæra skule går frå å vera todelt til udelt, og blir administrativt lagt under Rygg eller Skånevik skule frå hausten 2006. Alternativt at Fjæra blir lagd ned og at elevane blir skyssa til Enge, eventuelt at ein kjøper plasser ved Skare skule i Odda.
— Ein kan sikkert diskutera det faglege tilbodet og det pedagogiske ved ein udelt skule, men sett opp mot det å kjøra barna til Enge, kan dette forsvarast, meiner Hetland.
Dersom skulen blir lagt ned, og alle elevane ynskjer seg til Skare, gir ikkje det innsparingar for Etne, i følgje rådmannen.
Rammetimetalet til tilpassa opplæring og delingstimar blir foreslått redusert frå 25 til 17 prosent utover det lovbestemte frå hausten 2006. Dette tilsvarar 59,5 timar fordelt på Enge, Rygg og Fjæra skule.
— Viss me ikkje kuttar rammetimetalet, må me legga ned Rygg skule og ha Fjæra som udelt, dersom me skal ta det innanfor skule, seier Hetland.
Skjermar kultur
Kommuneøkonomien i Etne er skral og rådmannen seier han har prøvd å fordela innsparingane på skule, barnehage, pleie og omsorg, helse og sosial. Som i fjor har han også verna kulturlivet.
— Eg har prøvd å skjerma nokre område som kan ha noko å bety for om Etne er ein god kommune å bu i, og det er eg sikker på at Etne vil vera også etter dette budsjettet, seier Hetland.