Driftsauke på 7 millionar

– Det er ikkje auka inntekter frå staten, men auka eigedomsskatt frå kraftverk og auka […]

– Det er ikkje auka inntekter frå staten, men auka eigedomsskatt frå kraftverk og auka inntekter frå reforhandla avtalar med Haugaland Kraft som gjer at Etne kommune kan halde oppe det driftsnivået kommunen har i dag, seier Hetland.
Han seier at fylkesmannen har rekna ein vekst frå staten på 2,9 prosent for 2007, men når prisstigninga er justert inn, kan ein vente ein realnedgang på 0,6 prosent.

Drift som før
Budsjettet rådmannen la fram fredag inneheld ingen store overraskingar.
– Nei, her er ingen kontroversielle ting. Det viktige har vore å kunne halde oppe det tenestenivået vi har i dag. Det har vore eit greitt budsjett å arbeide med. Inntektene er regulerte, og når det gjeld barnehagar, skular, pleie- og omsorg og helse er dei gjennomregulerte, seier han.
I tillegg til vidareføring av dagens tenestenivå, er det funne rom for butilbod for ressurskrevjande brukar og vidareføring av det butilbodet som vart sett i verk sommaren 2006. Det er knytt om lag tre årsverk til kvart av desse tiltaka.
– Dessutan følgjer vi opp kunnskapsløftet i skulen. Digitale læremiddel vil få 80-90.000 kroner per år, seier Hetland.
Når det gjed kyrkje og kultur, meiner rådmannen dei auka midlane dei vil få tilført, vil stette den trongen dei har per i dag.
Rådmannen gjer framlegg om at eigedomsskatten blir sett til sju promille.
Driftsbudsjettet er på 132.366 millionar kroner mot 125.507 millionar i inneverande år.

Investerer 5,1 millionar
Det skal takast opp lån til investeringar på totalt 5,1 millionar kroner i 2007. Største investering er 1,5 millionar kroner til gjennomføring av reguleringsplanar og kostnadar med desse.
Fleire reguleringsplanar er vedtatt, eller i sluttfasen. Dessutan er reguleringsplan ny veg Sauda ¬- Etne, og reguleringsplan på Øvre Fitja, under utarbeiding. Når det gjeld vegen Sauda – Etne er Hetland usikker på kor mykje som vil felle på kommunen, men han seier det har kome melding frå vegvesenet om at kommunen må vere førebudd på å dekkje ein del av kostnadane med reguleringsplanen.
Det har kome krav frå Statens Forureiningstilsyn om utskiting av lysarmatur langs vegane for å hindre lekkasje av PCB i miljøet. Til dette skal det brukast 1,4 millionar kroner.

Satsar på breiband
I Etne er det åtte telesentralar, ved seks av desse er det i dag ikkje noko breibandtilbod. Sentralane er Auastad, Lauareid, Nervik, Markhus, Håfoss og Fjæra. I haust vart det søkt om midlar til breibandløysing for desse områda. Ramma for heile søknaden er 3,5 millionar. Prosjektet skal lysast ut på anbod, og komande år er det budsjettert med 900.000 kroner til dette arbeidet.
I investeringsbudsjettet er det elles sett av 500.000 kroner til oppdatering av kommunale vegar.
– Desse midla vil bli gitt etter prioriterte lister. Fram til 2010 vil det bli investert to millionar til kommunale vegar, opplyser Elling Hetland.
Kapasiteten på datserverane til Etne kommune er for liten og 800.000 kroner skal brukast til å oppgradere tre servarar i 2007.