Du skal ikkje tåla

Desse orda fekk meg til å gripa pennen då eg las, i Haugesunds Avis frå […]

Desse orda fekk meg til å gripa pennen då eg las, i Haugesunds Avis frå 30. mai, at den tidlegare paktaren av jordbrukssulegarden på Tesdal frykta eit krav frå styret i stiftinga Vestnorsk senter for bygdeutvikling om å la ein del av kostnaden med å rydda den store spreiinga av ugraset høymole.
Høymole er eit fleirårig rotugras som trivst særleg godt i våt og tung jord. Den blir opp mot ein meter høg og kvar plante produserar tusenvis av frø i året. Desse frøa har ei utruleg god spireevne. Har høyrt at frøa kan spira etter å ha lege 70 år i jorda! Dei er også spiredyktige etter å ha passert fordøyelseskanalen hjå husdyr og blir såleis spreidd med husdyrgjødsel.
Når me veit at det meste av jorda på jordbrukssulegarden er våt og tung, at det i økologisk drift ikkje kan brukast kjemisk sprøytemiddel, og at det berre vert nytta husdyrgjødsel, seier det seg sjølv at eit slikt krav er urimeleg.
Som nabo til jordbruksskulegarden, og med vel 20-års erfaring som «høymole-ryddingsbonde», vil eg bøya meg i støvet for den arbeidsinnsatsen som familien Eskeland har lagt ned på Tesdal.
Dersom styret for V.S.B.U. vurderer å stilla eit slikt krav, burde det kanskje heller stillast til dei som i si tid vedtok at denne garden skulle drivast økologisk?


Gerd Åsta Kaldheim