«Eg er vegen, sanninga og livet»

Han held fram i same verset: «Ingen kjem til Faderen utan ved meg». Han samlar […]

Han held fram i same verset: «Ingen kjem til Faderen utan ved meg». Han samlar alt i ei verseline, dette som han som frelsaren er for oss menneske. Han måtte bli menneske, bli krossfesta og døy for våre synder, for at han skulle verta: «Vegen, sanninga og livet». Himmelen har sett useieleg store ressursar inn, for at så kunne skje, at eg og du kunne koma til himmelen.
Biskop Johan Nordal Brun 1745-1816 seier i desse verselinene: «Jeg har vunnet, Jesus vant. Døden oppslukt er til seier. Jesus mørkets fyrste vant. Jeg den kjøpte frihet eier. Åpen har jeg himlen funnet, Jesus vant og jeg har vunnet.» Står denne frelsa klinkande klart for oss – er me byrja å leva på denne sanninga. Paulus seier: «Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg nå lever i kjøtet, det lever eg i trua på Guds son. Han som elska meg, og gav seg sjølv for meg.» Gal 2,20.

Erik J. Grønstad