Ei god eldreomsorg er viktig

Det er særleg auke i talet eldre over 80 år, og dette er ei gruppe […]

Det er særleg auke i talet eldre over 80 år, og dette er ei gruppe som har trong for viktige velferdsbehov av ulike slag.
Dei aller fleste ønskjer å bu heime så lenge som mogeleg, og Kristeleg Folkeparti vil difor byggja ut heimetenestene endå meir enn i dag. Men når situasjonen vert slik at det ikkje er forsvarleg å vera heime lenger, må det til ei kvar tid vera tilgong på institusjonsplass. Sjølv om det i dei siste åra har vore bygd nye slike, er det i mange kommunar endå for lite. Kr.F. vil arbeida for utbygging av fleire sjukeheimplassar, omsorgbustader og aktivitetstilbod.
I det heile meinar Kr.F. at me må få ei eldreomsorg som i størst mogeleg grad er tilpassa den einskilde brukar. Mykje er gjort i Norge i dag, men i åra framover må det gjerast endå meir på dette området.

Einar Grønstad