Eidselva må sikrast

Etter den siste flaumnen i haust kopla gamle Ølen kommune inn både NVE og Statens […]

Etter den siste flaumnen i haust kopla gamle Ølen kommune inn både NVE og Statens vegvesen for å få vurdert situasjonen med tanke på tiltak. Mest utsett er det om muren langs gangbrua på E134 ved Shellstasjonen skulle rasa ut. Håkon Hustveit i Vindafjord kommune seier at dersom denne muren skulle rasa ut, er det meir enn gangvegen som vil gå med. Han og rådmann Arild Karlsen fann situasjonen så alvorleg at dei alarmerte NVE om situasjonen.

Men signala frå NVE er ikkje oppløftande. Dei lovar rett nok å gi kommunen eit svar og at elva vil bli vurdert i deira planar. Men seier like kjapt at dei ikkje har pengar til å sikra elva. Behovet for sikringsmidlar er altfor stort i forhold til behovet.

Det er det vanlege svaret i nær sagt alle høve der det er snakk om offentlege midlar. Det er ikkje pengar.
Men Vindafjord kommune må ikkje ta eit nei for eit nei. Dei må gjera det som er mogleg, gjerne i samarbeid med Statens vegvesen, for å sikra Eidselva gjennom Ølen sentrum. Med dei siste flaumane friskt i minnet, er det all grunn til å vera urolege.
Slik situasjonen er nå er det ein fare for både dei som bur i området og dei som ferdast på E134. Europevagen må derfor snarast sikrast med skikkeleg underlag. I dette tilfellet fell Bibelens ord om at du ikkje skal byggja ditt hus på sandgrunn oss i hug.