Ein avslappa sommarfestival

Festivalarrangørane kunne ikkje ønskt seg eit betre vêr enn det som var på Bjoa laurdag. […]

Festivalarrangørane kunne ikkje ønskt seg eit betre vêr enn det som var på Bjoa laurdag. Sol med litt skyer utan ein regndråpe fall tilsynelatande i smak hjå alle festivalgjestene.
— Me er svert heldige med vêret i år også, fordi målet med festivalen er å ikkje ha noko stort program, men at folk kunne kosa seg ute, seier Jan Husebø, leiar i Kystlaget Romsa, ein av arrangørane.
Dagen starta roleg, ved frukostbordet på «Drøsestova». Eit bord, diska opp med eit allmogleg pålegg, tok i mot dei tidlegaste morgonfuglane. Ein kunne forsyna seg med langt frukostmåltid i fleire omgangar – berre ein orka det.
— I år er det er første gongen eg et festivalfrukost på kaien her, og det er veldig koseleg. Eg har med meg tre barneborn som eg henta frå Voss i går. Det er veldig kjekt å kunne ta dei med på ein sånn ein dag, seier Ingrid Steinsland frå Bjoa.
Stemninga rundt frukostborda både inne på «Drøsestova» og ute på kaien, ramma inn av tett fortøya skøyter og båtar, var lett og avslappa.
Stintefiske
Ganske tidleg på føremiddagen vart det rigga til stintefiske i sørenden av kaien. Der krydde det av små stinter som tydelegvis var trekte til staden av restane frå rekefesten kvelden før. Nils Terje Oma i Kystlaget Romsa instruerte dei unge fiskarane som heldt fast om fisketroene.
—Då eg var liten, var sånn fisking ei stor underhaldning. Katten også sat klar attmed og venta på fangsten, fortel Oma.
Den første som drog fisken i land var Even Steinsland. Det var også han som til slutt vann dagens fiskekonkurranse og fekk fiskeharpe i premie.
Teater på dekket
Dagens høgdepunktet var teaterførestelling frå Haugesund teater, «Sjetongane». Skodespelet i eit «ta-med» format, er basert på den første boka til haugesundaren Geir Kvam, «Sjetongane i gatå». Med skiftande stemmeleie, kostyme og diverse dialektar tok skodespelarane Nina Westerlund Lie og Irene Halseid publikummet med til oppveksten i Haugesund på 60- og 70-talet. Publikummet heldt pusten gjennom store delar av stykket for å ikkje gå glipp av gjenkjennelege lokale uttrykk, og alle dei løgne dialogane mellom «sjetongane» frå Haugesund. Latter var det også mykje av.
— Eg likte stykket veldig godt, det var noko utanom det vanlege. Men eg hadde ønskt at det var ein smule kortare, seier Edith Tveit etter å ha sett førrestellinga. Det er også naboen hennar ved bordet, Agnes Sandsgård, samd i.
Redningsskøyta
I tillegg til god mat, fiskekonkurranse og teaterframsyning, var demonstrasjon av livberging på sjøen ein del av programmet. Redningsøvinga var utført av mannskapet på R/S «Halvdan Grieg» i regi av Redningsselskapet. Med MOB-båt, frå engelsk «man over board», plukka styrmann Bjørn Næss og maskinsjef Arild Vik to personar ut av vatnet. Ein gong med redningsnett, den andre gongen – med plt-line.
Etterpå kunne forsamlinga på Innbjoa nyta ei stund med irske tonar som kom ut av gitaren og fela til Jan og Lene Husebø.
På kaien rauk det av grillen og krydde av folk heilt til klokka tre då båtkonvoien på omlag 20 store og små båtar snudde nasen mot Romsa, der kveldsunderhaldninga i Haukelandsløa fann stad.