Ein draum

Oljepengane rann over landet som ein flaum. Nå kunne me gjera noko meir enn før. […]

Oljepengane rann over landet som ein flaum. Nå kunne me gjera noko meir enn før. Me kunne laga nye vegar og vøla ei gammal kyrkjedør.
Skulane rotna ikkje lenger vekk, for pengane kom inn på ein store sjekk.
Dei som styrte landet forsynte seg grådigt med pengar. Dei visste ikkje kva dei skulle bruka dei til lenger. Det hadde og vorte meir i setlabokji mi, så nå hadde eg nok i heile mi tid.
Så vakna eg, og eg såg meg om i mitt soverom. Der låg setlabokji mi, men den var tom.
Det var berre ein draum.

Ingvald Åsheim