Ein god avtale

Med tanke på inntektsutviklinga dei seinare åra, kan ein forstå at ikkje alle jublar like […]

Med tanke på inntektsutviklinga dei seinare åra, kan ein forstå at ikkje alle jublar like mykje sidan utgangspunktet blir opplevd som ganske vanskeleg for mange bønder, pluss at forventningane var høge. Mange har talt på knappane om det er verd å satse på landbruket i ein vanleg vestlandsk målestokk. Det er likevel ingen tvil om at oppgjeret er eit godt utgangspunkt for å heve optimismen litt.

Forhandlingsresultatet er ein god del under det bondeorganisasjonane kravde. Staten presenterte eit rimeleg høgt i utgangspunktet, og forhandlingane gav difor ikkje det enkelte hadde venta og håpa på. Likevel ville det overraske ganske mykje dersom uravstemminga blant bøndene gir særleg stor nei-prosent.
Oppgjeret er ingen garanti for kor stor nettoen blir for bøndene. Kostnadsutviklinga har spelt ei stor rolle det siste året, blant anna for kunstgjødsel og kraftfôr. Og om bøndene oppnår den prisen for matvarene som er avtala, er det heller ingen fasttømra fasit for. Men utgangspunktet er godt.

Forbrukaren er den tredje parten i jordbruksforhandlingane sjølv om han ikkje sit rundt bordet. Nærmare fire av fem kroner i oppgjeret blir betalt av oss alle i butikken. Maten er ikkje dyrare enn at dei fleste klarer det bra, og det er resultatet av ei politisk semje om at vi vil ha eit landbruk her i landet. På årsbasis kan det bety rundt 3.000 kroner for ein vanleg familie. Ein kan sjølvsagt diskutere om staten kunne ha betalt meir, men uansett kan ein ikkje ta for store løft i ein jafs. Det kan gi tilbakeslag for landbruket som ikkje er tenlege på lang sikt.