Ein hund etter utstilling

Litt kos og siste finish med hårbørsten, må til før ein skal visa seg fram […]

Litt kos og siste finish med hårbørsten, må til før ein skal visa seg fram for dei strenge dommarane. Ein skal helst ikkje bjeffa, men når ein har det så kjekt, korleis skal ein då klara å halda iveren inne i seg?
Hundeutstilling er ikkje noko frøkensport. Det å gå på utstilling krev disiplin, tålmod og eigenskapen til å yta sitt beste når det gjeld som mest.
— Dommarane ser på generell kvalitet, eksteriør, heilskap, gemytt, rørsle, avstamming, storleik, tannstilling, halefeste og pels, seier Andor Bjordal leiar for utstillinga.
I år hadde hundeutstillinga i Ølen 20 –års jubileum, og arrangørane takka vêrgudane for god samarbeidsvilje.

Internasjonale dommarar
— Dette er eit massivt arrangement som me brukar godt og vel eit år på å få i stand. Spesielt tidkrevjande og kostbart er det å skaffa dei rette dommarane til utstillinga, seier Andor Bjordal.
Dommarane har Ølen, Etne og Vindafjord Hundeklubb henta inn i frå Europa.
— Me har fleire tyske og britiske dommarar. Det er den biten som er den tyngste biten kostnadsmessig. Dommarane skal ha fly, hotell og mat i løpet av opphaldet, og det er 8 -9 stykk av dei. Det er ikkje uvanleg at kostnaden på berre ein dommar kjem på 20 000 kroner. At me har dyktige dommarar, har mykje å seia for hundeklubbens renommé. Dei mest seriøse utstillarane, viser ikkje fram hunden sin til kven som helst. For dei mest seriøse oppdrettarane er det mykje prestisje og økonomi i desse utstillingane, seier han.
Til trass for desse utgiftene er utstillinga klubbens største inntektskjelde.

Slit med dugnadsanda
— Me brukar å sitja att med 10 -15 000 kroner, og dei kjem godt me når me skal halda kurs og senda nokon av våre medlemmer på utstillingar, seier Andor Bjordal.
Det skal store dugnadskrefter til for å ta seg av 2000 tobeinte og 1200 firbeinte gjester.
— Det som er det tyngste ved å stelle i stand eit slikt arrangement, er å få tak i nok folk som kan hjelpa til. Me slit litt med at dugnadsanda er begynt å stagnera. I år har me måtta ty til dyreinteresserte folk, utanfor området vårt. Me får til dømes god hjelp av Tveit jordbruksskule. Når ein tenkjer på at ein sit att med berre 10 -15 000 kroner etter alt arbeidet, hadde det i grunnen vore enklare for klubbmedlemmene å spytta inn ein tusenlapp kvar i staden for å styra på med dette. Men me synes det er kjekt å ha utstilling, og det er viktig for bygda at det skjer noko. Berre sjå på alt livet dette skapar på ein vinterdag, seier Andor Bjordal.
Ølen, Etne og Vindafjord Hundeklubb vil takka Etne og Vindafjord kommune, og SR Bank 1 for god støtte.
— Dei har vore veldig greie, og har sponsa oss med sølvpokalar, seier Andor Bjordal, før han på ny kastar seg inn i alt som må gjerast, for å få arrangementet til å gli så godt som mogeleg.