Ein lukkeleg arbeidskar

Torsdag var han i full sving med snikkararbeid i Nedre Vats. Ein snau million i […]

Torsdag var han i full sving med snikkararbeid i Nedre Vats. Ein snau million i tilskot på kontoen fekk han ikkje til å hamne på latsida.
— Eg slenger inn ein femvekerskupong i ny og ne, men eg gløymer det ofte ut igjen, seier Kalstveit, som blei svært overraska då det ringde ein time før Lotto-sendinga onsdag kveld, og han blei med på Jokertrekninga.
Han tippa rett på alle tala, og fekk dermed full pott. Gardbrukaren, restaureraren og kommunestyrepolitikaren legg ikkje skjul på at gevinsten er eit kjært tilskot til økonomien.
— Det er nok av hol å putte pengane i, kommenterer han.
Han snakkar om gjeld på garden og kostbare restaureringsprosjekt.
— Dette gjev oss litt større handlingsrom, held han fram.

Tenkte på kommunen
Han innrømmer at det første som slo han då det blei klart med gevinsten, var den skrale kommuneøkonomien. Og tanken streifa han om pengane heller burde gå til prosjekt som ligg an til å ikkje kome med på budsjettet neste år.
— Men eg vil ikkje vere med på å sy puter under armane på Erna Solberg. Det ville vere heilt feil, har han kome fram til.
Alle pengane har han likevel ikkje tenkt å putte i eiga lomme, for ei gamal avtale med ein kompis står ved lag.
— Eg og Ole Funderud avtalte at viss den eine av oss vann over ein million, skulle den andre få 10 prosent av gevinsten, fortel han.
Kalstveit ser i den samanhengen stort på at Lotto-gevinsten ikkje tok han heilt opp på millionnivå.
Gardbrukaren i Nedre Vats har også tenkt på at når han først vinn, er han glad det er i eit nasjonalt lotteri, der overskotet av spelepengane går til å støtte kultur- og idrettstiltak. Han har følgd med på avsløringane kring pyramidespel den siste tida, og han er oppgitt over at det skal vere så frie forhold for dei som vil setje i gang pengespel av ymse slag.

Tar det nøkternt
Kalstveit siterer ein anna Lotto-vinnar han høyrde om ein gong, som på spørsmål om kva han ville bruke pengane til, svarte at «eg tenkjer å drive garden så langt pengane rekk». Særleg større planar har altså ikkje Kalstveit med gevinsten sin. Han tar det nøkternt, og noko liv i sus og dus blir det ikkje av den vesle millionen. Likevel lurar han på om tida no er moden for å innfri det som står øvst på ønskjelista: ein gamal arbeidsbil. Nye bilar ser han ikkje naudsyn med.
— Eg har hatt lyst på ein arbeidsbil lenge. No køyrer eg traktor når eg skal på arbeidsoppdrag, røpar den lukkelege og jordnære vinnaren.
Han fortel at han har fått utruleg mange telefonar frå folk som har gratulert og uttrykt glede på han og familien sine vegne, noko som har både rørt og gledd han.