Eit lite dikt

og treng du noko så har me butikkar, i lokalavisa kan du lesa kritikkar, på […]

og treng du noko så har me butikkar,
i lokalavisa kan du lesa kritikkar,
på samfunnshuset kan du gå på kino,
eller stå på «tomto» med rånesvino,

og likar du at kulturar skal møtast,
så har me kebab som kan få kjøpast,
interessera du deg kanskje meir for sport,
é Etne bygdo som får det gjort,

me har både fotball og traktorpulling,
på Saloonen kan du drikka og bli heilt tulling,
så kan du legga deg inn på hotell,
der é det kunst og kultur som gjeld,

du finn folk i alle aldrar der,
omkransa av natur og vestlandsvêr,
Etne é ein diamant,
eg kan lova deg at det er sant.

Annelise Grindheim