Ekstra-barnehage i Skjold

Dersom alt går slik kommuneadministrasjonen ønskjer, vil dei leiga plass på Nageltunet for den nye […]

Dersom alt går slik kommuneadministrasjonen ønskjer, vil dei leiga plass på Nageltunet for den nye avdelinga, inntil det kan opprettast ein permanent barnehageavdeling annanstads. Om lokalet der legekontoret held hus, blir tilgjengeleg etter nyttår, er avhengig av andre politiske vedtak. Uavhengig av dette, vil ei mellombels avdeling i tome husvære på Nageltunet gje plass til ni barn.
Ekstra-barnehagen i Skjold blir politisk behandla i Komité Oppvekst i dag (torsdag), og saka blir truleg behandla i formannskapet 23. mai og i kommunestyret i juni. Dermed kan avdelinga opna i august, samstundes med dei ordinære barnehageavdelingane.
Stabsråd Per Ivar Ertresvåg vil ikkje forskottera politiske vedtak, men signala kommunepolitikarane gav på møtet med foreldra i Skjold i april, var nokså eintydige. Alt peiker mot at eit breitt politisk fleirtal kjem til å stilla seg bak forslaget, som er ein direkte konsekvens av at mange førskuleborn i Skjold stod utan barnehageplass etter førstegongsinntaket for neste barnehageår.
Etter andregongsinntaket ser det litt betre ut, men ekstraavdelinga vil like fullt vera nødvendig dersom ein skal kunna snakka om bortimot full barnehagedekning for dei som har søkt borna sine inn ved Skjold barnehage.