Eldsjel mot straumen

Førre eigar stengte butikken i 1964 fordi det byrja å bli tynt med folk på […]

Førre eigar stengte butikken i 1964 fordi det byrja å bli tynt med folk på gardane. Sidan den tid har det vorte tynnare år for år heilt til dei siste fastbuande pakka sakene sine i 1992. Den siste dampbåten la til kai ein gong på 80-talet og bilveg, nei, det har det aldri vore på Bjellandsnes. Slikt skremmer ikkje Gisle Sellevold. I sommar tørka han støvet av disken og frakta bruskassar, joggesko, strikkejakker og trefjøler til Krambua på Bjellandsnes. Det står mykje rart i hyllene til Gisle.

Overskot av glede
— Eg gjer ikkje dette for å bli rik, men for å spreia glede, opplyser Gisle Sellevold. Bergensdialekten skin enno gjennom, etter nesten eit kvart hundreår i Etne. Til dagleg er han lærar ved Enge skule, men i sommar er han altså kremmar. Det er neppe for å spe på lærarlønna. Gisle Sellevold har ikkje oversikt over kor mykje pengar han har lagt ut på prosjektet, men tippar på rundt 30 000 kroner.
— Det er ikkje så farleg. Pengar har eg ikkje likevel. Me går nok heilt sikkert med 99% underskot, minst, for nokon økonom har eg aldri vore, seier Gisle utan å trekkje pusten før han sprett bortover kaien.
— Enda ein fisk! trallar han. — Nei, no vert eg heilt lyrisk!
Så er det fram med kniven og vekta i ein rasande fart.
— Ikkje skjer i han, for då mister han blod og vert lettare, formanar Karsten Kaada i bakgrunnen.
— 800 gram! brøler Gisle triumferande tre sekund seinare med fisken dinglande på vektkroken. — Fekk du med det, Martha? 800 gram!

Ein bergensar kom til Bjellandsnes
På Bjellandsnes i Åkrafjorden er fjella høge og skeive. Graset er grønt og fjorden blåsvart. Fjellsidene stuper rett i havet. Her skulle ingen tru at nokon kunne bu, og det gjer det ikkje heller. Om vinteren har ikkje husa andre å prate med enn kvarandre og om sommaren sleikjer dei få feriegjestene som tek turen innom, fred og ro og einsemd.
Slik var det iallfall heilt til Gisle Sellevold steig i land. For denne julimånaden yrer det av liv på Bjellandsnes. Fiskekonkurransen denne laurdagen er berre eitt av mange store og små helgearrangement kor alt frå friluftsgudsteneste med Colombiansk prest, visekveld og beinharde fjellknausløp står på programmet.
Førre helg var nesten 50 struper samla til Syng med oss på bedehuset, men denne laurdagen har berre ei handfull sjeler troppa opp på kaien for å prøve fiskelukka.
— Få fiskarar – stor glede! Der har de gratis overskrift, smiler Gisle. Bergensaren har etter kvart blitt vant til journalistar. På to veker har han hatt to radiokanalar og tre aviser på besøk. Bjellandsnes er sett på kartet att.

Verdas beste sommarjobb
Martha Eikemo Sund er medhjelparen til Gisle i sommar. Heile juli månad søv Martha på bedehuset medan Gisle søv på loftet på Krambua. På dagtid møtest dei bak disken.
— Eg er Gisle sin slave! spøkjer Martha frå rømmegrautgrytene.
— Nei, du er butikksjef og eg er administrerande direktør, svarer Gisle. — Ja, det let bra. Skriv det!
— Nei, alvorleg talt, dette er verdas beste sommarjobb. Her vert eg rik på opplevingar og fred, smiler Martha.
Ho ser oppriktig overraska ut når me spør kva ho får i lønn. Nei, slikt har ho ikkje tenkt på.
— Me deler på overskotet, forklarer Gisle.

Oljepengar i sikte
— Blir det sommarjobb til neste år òg?
— Ingen kommentar! svarer Gisle Sellevold kontant. Det spørsmålet har han nemleg fått før. Mange gonger. Folk lurer jo på om han er gal nok til å gi seg i kast med butikk neste sommar også. Feriegjestene vil nok sakne treffplassen sin om Gisle atter lar støvet leggje seg over Fjordkafeen. Barna vil sakne brusen og isen. Den berømte freden og roen vil brått verke litt stusseleg.
Utpå kvelden, medan dei siste fiskane blir halte i land av slitne fiskarar, lyser stemninga opp. Det kjem for ein dag at olje- og energiminister Thorild Widwey nyleg flaug over Åkrafjorden i helikopter. Ved hennar side gjorde den saudiarabiske olje- og energiministeren store auge. I år vil han visst feriere på desse kantar.
Kanskje blir det overskot på Gisle og Martha likevel – trass i dystre spådomar.