Med tre store kjedebutikkar vegg i vegg, som alle slit for og sleppa raude tal i rekneskapen, men som sjølvsagt er styrte av sine respektive handelsbaronar, heilt utan raude tal i sine rekneskap.
Er dette rett? Burde me som sambygdingar og kundar i eksisterande butikkar seia ifrå til våre styrande makter att dette vil me ikkje ha noko av.
Kva synest du ordførar Enge? Skal me med eller mot din vilje leggja ut aksjonslister mot dei nye Kiwi-planane i meieribygget?
Samstundes går det rykte om ombygg/påbygg til meieribygget med 18 leilegheiter. Stemmer dette? I så fall er det ikkje lenge sidan Etne kommune betalte to millionar for att førre eigar av meieriet ikkje fekk lov å byggja det same komplekset.
Eg ventar på svar.
Endre Tjelmeland