— Er berre interessert i pengane våre

Den første konsekvensen av å leggje ned Fjæra skule og overføre dei til Enge skule […]

Den første konsekvensen av å leggje ned Fjæra skule og overføre dei til Enge skule i sentrum av kommunen, er ni-ti mil reise kvar dag for elevar som bur frå Fjæra og inn til Odda grense.

For langt
— Det er alt for lang reise. Det går ikkje å utsetje ungane for dette, seier Ellen Rullestad, mor til barn som går på skulen og som skal byrje om nokre år.
Grannar møtte i går føremiddag foreldre og elevar ved Fjæra skule som skulle på Tripp Trapp Treff på Kyrping. Dei har kjent til at Fjæra skule har vore diskutert i rådmannen si jakt etter kroner å spare. No er forslaget kome på bordet gjennom rådmannen sitt budsjett som vart lagt fram på tysdag. Fjæra skule er også eit tema som har vore diskutert i formannskapet.
Etne kommune vil spare maksimalt 1,6 millionar kroner i året ved å leggje ned Fjæra skule.

Spikaren i kista
— Dette betyr spikaren i kista for Fjæra og Rullestad. Ingen vil slå seg ned her når skuleelevar må reise så langt. Bygda vil dø ut på sikt dersom forslaget går gjennom, seier Inger Mari Melkeraaen som har ein elev på åtte år på skulen.
Foreldra har liten sans for at rådmannen ikkje vil føreslå at elevane kan gå på Skare skule i Odda, trass i at reiseavstanden er under det halve samanlikna med kommunesenteret i Etne. I følgje rådmannen er det for lite pengar å spare på ei slik løysing.
— Eg undrar meg på om ikkje det er ungane sitt beste ein skal tenkje på, og ikkje kroner. Det handlar jo om menneske også, ikkje berre pengar. Det er her ein må ta standpunkt, og ikkje berre snakke om kommunen sin økonomi, meiner Per Rullestad.

Berre interessert i pengane
— Blir skulen lagt ned no, slepp kommunen tak i oss på alle andre område enn at dei er interesserte i pengane våre med skatteinntekter og overføringar frå staten. Eg meiner det ville vere naturleg at kommunen samstundes sa at det er greitt at denne delen av kommunen går til Odda dersom vi ønskjer det, seier Inger Mari Melkeraaen.
Foreldra ser at det er eit problem for Fjæra skule at elevtalet går nedover, ikkje minst pedagogisk. Likevel meiner dei det er forhasta å leggje ned skulen no.
— La oss få minst to skuleår til. I denne perioden kan vi finne ut kva som er best for bygda og elevane. Her er det fleire spørsmål som bør vurderast nøye. Det skjer ting i litt for raskt tempo, meiner dei tre foreldra.

Heller Odda
Dei stiller spørsmål om politikarane verkeleg kan forsvare at elevar ned til fem år skal sitje på bussen i nærmare ein time kvar veg til skulen for å reise ni-ti mil. Til samanlikning er avstanden identisk med at femåringar i Ølensjøen skal gå på skule i Haugesund. Eller at elevar i Etnesjøen må reise minst til Imsland.
— Ein må også tenkje på at meir av fritida blir lagt til Enge og Etne dersom elevane våre går der ute. Det vil bli uaktuelt å reise nye ni mil om ettermiddagen for at ungane skal kunne vere med på noko i Etne, seier Per Rullestad.
Den tidlegare KrF-politikarem Inger Mari Melkeraaen er ikkje i tvil om at Odda blir ein meir interessant kommune å vere del av dersom rådmannen får det som han vil.
Det har skapt ein god del misnøye på Fjæra og Rullestad at ordførar Amund Enge og rådmann Elling Hetland kalla inn til møte med foreldra i krinsen nokre få dagar før budsjettet vart lagt fram. Utan å tone flagg om at skulen ville bli lagt ned i budsjettforslaget. Det er å halde folk for narr, blir det sagt.
Elevtalet ved Fjæra skule går ned til 13 for skuleåret 2005/2006, og er deretter på veg til under ti elevar dersom ikkje det blir tilflytting.