Er Kr.F. truverdig?

Det er heilt rett som Gjerde påpeikar,  at for Kr.F. er parti-namnet i seg sjølv […]

Det er heilt rett som Gjerde påpeikar,  at for Kr.F. er parti-namnet i seg sjølv forpliktande og seier noko om den kurs partiet bør fylgja i sentrale spørsmål.  Den heilage skrifta gjev hovudretninga.
Når det er sagt, må det òg seiast at Bibelen ikkje gjev klåre svar på alle dei spørsmål eit politisk parti må ta standpunkt til.  Og det treng ofte minnast om at Kr.F. ikkje er eit kyrkjesamfunn, men eit politisk parti som lever sitt liv i det verdslege regimentet og derfor må førehalda seg til dei andre politiske partia frå sak til sak.
Trygve E. Gjerde listar opp ei rekkje saker der han tar klår fråstand frå gjeldande lovverk og ordningar.  Han peikar mellom anna på at abortlova må bort.  Det er då grunn til å minna om  at Kr.F. heile tida har kjempa imot den gjeldande abortlova og i kvar stortingsbolk har gjort framlegg om ei lov til vern om livet frå unnfanging til naturleg død.  Kr.F. røysta òg imot partnarskapslova då den vart innført for 10 år sidan.
Når Gjerde peikar på at det må innførast eit  «alminneleg forbud mot alcohol»,  så kunne nok det vera ein ynskjedraum for mange,  ikkje minst for dei mange familiar som lid under alkoholens svøpe.  Men ein kvar realpolitikar  innser at ein slik tanke i dag er heilt urealistisk,  og at ein derfor heller må kjempa for ordningar der omsetninga av alkohol blir regulert på ein slik måte at skadeverknadene blir minst mogeleg. Tragediane som fylgjer i kjølvatnet av misbruk av rusmidler, er så openberre at me alle må gjera vårt for å avgrensa dei.  Gjerde minner om at Kr.F. i 1980-åra takka nei til regjeringssamarbeid med parti som ikkje gjekk imot lova om fri abort. Underskrivne var blant dei i stortingsgruppa som røysta imot slikt regjeringssamarbeid i 1981 og 1983, men det var ikkje dermed sagt at dei som hadde eit anna syn ikkje var truverdige!  Det er mogeleg å arbeida for same mål med ulike middel og metodar.  Ved å velja arbeidsmåtar som i utgangspunktet framstår som kompromiss,  kan ein òg nå langt i å fremja gode saker.  Sjå berre på kva Kr.F.  i noverande regjering har oppnådd når det gjeld bioteknologien og kampen mot å sortera bort ufødde born med skade og lyte.  Sjå på auken i U-hjelp for å berga liv i fattige land.  Sjå på røykelova og alt liv som blir spart og får betre kvalitet takka vere den og partiet som tok initiativet.
Kr.F.  er truverdig i sitt politiske arbeid, og eg tykkjer det er uverdig når Trygve E. Gjerde brukar ord som  hyklarar om våre politiske leiarar i parti og regjering.

Hans Olav Tungesvik,
leiar  Etne Kr.F.