Erling Skakke, Skakkekonjakk og kongsmakt i Etne

Mora, kongsdottera Kristin, fekk først (i løynd?) ein son med samkongen Sigurd Munn som fekk […]

Mora, kongsdottera Kristin, fekk først (i løynd?) ein son med samkongen Sigurd Munn som fekk namnet Harald og gøymt bort slik at ikkje mannen til Kristin – Erling Skakke – skulle finne han. Då ville Erling drepe Harald ettersom Harald var av kongsett og kunne få kongsretten til Noreg og ta landstyremakta frå Erling, og kongsmakta frå Magnus. Vidare seier soga at Sigurd Munn også fekk ein gut med ei kvinne frå (Bergen?). Guten fekk namnet Sverre og mora flytta til Færøyane med guten som der vart sett i foster og prestelære.
No har me Sverre – halvbror til Harald – med Sigurd Munn som felles far. Vidare Harald – halvbror til Magnus – med Kristin som felles mor.
Så går åra – Magnus vart krona til Noregs konge seks år gamal. Faren – Erling Skakke – var landsstyrar og rådde for kongemakta. Mora – Kristin – budde i Etne. Sverre vaks opp i foster på Færøyane i prestelære. Soga seier at Kristin ikkje visste at Erling Skakke fann Harald og halshogde han, sette det avhogde hovudet på stake og let liket liggje som åtsel for dyr og fuglar – ei åtvaring til andre som kunne truga makta hans. Dette tok Kristin så tungt at ho reiste frå Etne og kom visstnok aldri attende. Altså drap Erling Skakke halvbroren til sin eigen son Magnus og halvbroren til Sverre.
Birkebeinarane tok Sverre til leiar etter at Øystein Møyla fall i 1177. Straks etter vart han vald til Birkebeinarane sin konge. Han gjorde opprør mot Erling Skakke og Kong Magnus.
I Trondheim kom Erling og Magnus med hæren og krigsskipa sine i kamp med Birkebeinarane og Sverre i 1179. Erling Skakke fall. Soga seier at Erling Skakke og mennene hans jaga bort Sverre og hæren hans. Dei følte seg trygge og var rusa, (på heimebrent Skakkevitt eller kanskje fransk Skakkonjakk?), då Sverre uventa kom tilbake og slo dei. Magnus rømde unna med restane av skipa sine.
Soga seier at fem år seinare møttest Kong Magnus og Sverre ytst i Norefjorden i Sogn, og ved Fimreite fall Kong Magnus. Magnus hadde 30 skip og 3000 mann. Sverre hadde 20 skip og 2000 mann – og vann! (Ein kan undrast: hadde utfallet av kampen årsak i Skakkevitt- og Skakkonjakk-effekt?)
Sverre var nå einekonge i Noreg. Sverresagaen «Gryla» er skriven av Sverre sin abbed medan Kong Sverre sat ved og rådde over kva som skulle skrivast fram til Erling Skakke fall i 1179. Andre deler av Sverresagaen seiest det skal vera skriven etter utsegn frå augevitne og andre kjelder seinare. Men det seiest at også denne delen av soga ber preg av skrivaren sin sympati for Kong Sverre.
Sverre er nå einekonge og la kongsgarden på Studla under krona. Var striden slutt? Nei, Etnebuen gav seg ikkje men levde sitt liv og stod på då som nå. Erling Skakke hadde borna Magnus og Ragnhild med kongsdottera og kona si – Kristin. Og han hadde i alle fall fire born utanom ekteskapet med Kristin. Yngste hadde namnet Sigurd – halvbror til den falne kong Magnus, han var liten gut då. Sigurd kom i foster hos Kong Sverre og guten fekk det godt. Sigurd rømde seinare frå Sverre og gjorde opprør. Han vart leiar for Baglarane og prøvde med fleire åtak å ta makta frå Sverre. Men lukkast ikkje. Historia fortel at denne striden vara ikring 20 år etter at Magnus fall.

Einar Hornenes