Etne i Hardanger

På eit slikt sentralt tema om kva region Etne skal liggja under, bør vel spørsmålet […]

På eit slikt sentralt tema om kva region Etne skal liggja under, bør vel spørsmålet dreie seg om kva bygda totalt sett er best tjent med, og i den sammanheng korleis kan Etnebygda utnyttast etter potensiale og beliggenhet.
Det er forståeleg og naturleg at mange etnebuar vil tenkja Haugesund og Haugalandet som den rette plassen å strekkja seg mot. Men kanskje ein heller bør tenkja på kva innbyggjarane i kommunen best er tjent med på sikt. At Etne skal bli noko stor industribygd er vel lite sannsynleg. Derfor må ein næringslivsmessig satsa innan område som er i vekst.
Norge er eit svært populært turistmål. Vestlandet med Hardanger er vel ein av dei mest besøkte plassane for turistar som skal besøkja Norge. Dette trur eg etnebuen også må leggje vekt på om ein skal lukkast med næringsutvikling. Det er mest sannsynleg at inntektsveksten i framtida er størst på denne type næring.
Turistretta næringsutvikling er eit satsingsområde frå heile landet. Her er det også gode tilskuddsordningar og det er store og positive utfordringar for den som ynskjer.
Derfor er eg ikkje i tvil om at etnebuen bør høyra til Hardanger i framtida. Etnebygdo vil i så fall få mykje gratis marknadsføring, som ikkje kan målast i penger.
Så for min del vil eg mykje heller bu i den første kommunen i Hardanger, enn den siste kommunen på Haugalandet.

Roy Martin Øyjord