Etterlyser politiskilt

Det 1,5 meter lange skiltet var mellombels hengt opp i samband med ombygging, og lensmann […]

Det 1,5 meter lange skiltet var mellombels hengt opp i samband med ombygging, og lensmann Ingvar Gjærde ved Vindafjord lensmannskontor vil gjerne ha det tilbake. — Det er vel eit trofé å ta eit politiskilt. Eg håpar dei har oppnådd det dei ville og kan levere skiltet tilbake. Det er alt for stort til å ha i bilen eller heime, så eg vil oppfordre om at det blir levert tilbake, seier Gjærde.