Få lag – god stemning

Volleyballcupen var ein tjuvstart for å få opp engasjementet for volleyballspell før serien for mix-lag […]

Volleyballcupen var ein tjuvstart for å få opp engasjementet for volleyballspell før serien for mix-lag startar onsdag 26. oktober.
— Når vi planla cupen var vi ikkje merksame på at det var haustferie, og dette sette nok sitt preg på talet påmelde lag, seier ein av initiativtakarane, Per Arne Jacobsen.
Sidan det berre var fire lag vart det ikkje arrangert finalespel, men alle laga spelte mot kvarandre, og spelte tre sett uansett resultatet i dei to fyrste setta.

Ikkje bedriftsserie
Laga som som deltok i cupen representerte Omega, Sparebank1 SR-Bank og laget «blålys», som var samansett av personar frå lensmannskontoret i Ølen og ambulansetenesta. Det fjerde laget var ein gjeng som kom frå Matre.
— Det er ikkje noko bedriftsserie vi legg opp til. At laga representerer bedrifter skuldast like mykje at vi treng litt sponsorar eller at nokre av spelarane arbeider i denne bedrifta, presiserer Jacobsen.
– Dersom ein vennegjeng vil melde seg på i serien for mix-lag, er dei hjarteleg velkomne. Også enkeltpersonar kan møte opp om dei vil vere med og spele volleyball. Til nå er det påmeldt sju lag i serien, me trenar om onsdagane i idrettshallen, og kvar tredje onsdag er det seriespel, seier han.

Stort engasjement
Også ansvarleg for cupen, Kjetil Espeland, er nøgd med arrangementet.
— Ja, dette er kjekt, og stemninga er god, seier Espeland.
Pausane var prega av mykje latter og godt humør, men så snart kampane var i gong vart det straks meir alvorsprega.