Få lag på volleyball- turnering

— Me hadde ti lag på papiret, men tre lag trekte seg på grunn av […]

— Me hadde ti lag på papiret, men tre lag trekte seg på grunn av det flotte veret. Dei ville heller til fjells og nyte sola, seier Lars Dalen.
Den lokale oppslutnaden var det som skuffa arrangørane mest. Frå vårt distrikt var det berre to lag som stilte i den aktive klassen. Det var bedriftslaget Arrow Angels frå Vats og laget Zenit, som bestod av tidlegare ølensspelarar. Dei lokale laga gjorde reint bord. Zenit vann turneringa, medan Arrow Angels fekk andreplassen. Storfavorittane Haugesund sjukehus, som har vunne turneringa fleire år på rad, vart skubba ned på tredjeplass.

To klassar
Turneringa var delt inn i to. Ein aktiv klasse, og ein klasse for mosjonistane. Her var det blant anna laget Team Bjørnar som bestod av spelarar frå Etne Røde Kors, Omega AS og ikkje minst Team Afrika, eit lag samansett av personar frå Afrika som har busett seg her i bygdene dei siste åra. I mosjonsklassen var det mykje smil og latter, og uttrykket tap og vinn med same sinn, var godt representert. Til slutt var det Omega AS som gjekk av med sigeren, etterfølgt av Team Bjørnar og Team Afrika.