Får så godt stell at han blir

– Eg kjem ikkje til å flytta. Eg kan ikkje ha det betre enn her, […]

– Eg kjem ikkje til å flytta. Eg kan ikkje ha det betre enn her, seier John Fjeldbu.
For omlag to og eit halvt år sidan trekte John Fjeldbu vestover til Skjold fordi sonen hans arbeidde der. Fjeldbu var pleietrengande etter hjarteinfarkt og slag, og tykte det var fint å vera i nærleiken av sonen.
– Eg kunne ikkje snakka og ikkje gå då eg kom hit, seier Fjeldbu som fekk plass på Nageltunet.
Fjeldbu blei eit kjent namn etter programmet ”Syng og spel” i NRK på slutten av 60-talet og byrjinga av 70-talet.

Rosar helsevesenet
For kort tid sidan flytta sonen hans tilbake til Eidskog der dei kjem frå.
Den siste tida har Fjeldbu difor tenkt mykje på om han også skulle bli med over fjellet.
– Sonen min vil at eg skal flytta tilbake, men det å flytta og ikkje vita kva som skjer. Nei, det vil eg ikkje, seier Fjeldbu.
Fjeldbu er så nøgd med handsaminga på Nageltunet og helsevesenet i Vindafjord kommune at han ikkje torer å flytta.
– Det var som å koma til ei anna verd. Viss ein har talent kan ein læra det, det er akkurat som med musikk. Det må vera noko medfødt. Det gjeld også dei tilsette her på Nageltunet. Dei har talent for å vera hyggelege mot andre menneske. Eg er veldig usikker på korleis det er andre stader, seier Fjeldbu.
Fjeldbu gir helsevesenet i Vindafjord æra for at han er blitt så god som han er.
– Eg kan vedda på at eg ikkje hadde vore så god dersom eg hadde blitt i Eidsvoll, seier han.
– Men du fryktar ikkje å bli einsam her på Vestlandet då?
– Nei, det fryktar eg ikkje i heile tatt. Eg har to gode venner her og det held for meg.

Spelar igjen
Fjeldbu har dagleg tilsyn, men nå greier han seg stort sett sjølv. Han har også funne fram trekkspelet att. Det var utenkjeleg då han var på sitt svakaste. Trekkspelet har han sjølv teikna. Det har like mange tangentar som eit vanleg trekkspel, men er mindre og lettare slik at Fjeldbu klarar å handtera det. Framleis er fingrane på den venstre handa noko stive og sakte i rørslene.
– Eg spelar ikkje ofte, fordi eg blir så deprimert av det. Det er betre å tenka musikk og trena enn å prøva og ikkje få det til, seier den tidlegare noregsmeisteren i trekkspeling.
Draumen nå er å bli så frisk at han kan kjøpa sin eigen bustad.