Feira som vinnarar av Energikampen

Kvar kveld i romjula har ein kunna sett TV-programmet Energikampen på NRK. Innspelinga vart gjort […]

Kvar kveld i romjula har ein kunna sett TV-programmet Energikampen på NRK. Innspelinga vart gjort i Sjoadalen i Vågå i august, der fem lag skulle kjempe seg fram mot den internasjonale finalen.
Etter at laget frå Enge skule vann den nasjonale energikampen var dei klare for å måle krefter mot laga frå Nederland og Sverige. I overkant av 200 familiemedlemmer, klassekameratar, vener og støttande bygdefolk møtte opp i kinosalen i Kulturhuset i Etne for å sjå den finalen, og å feire innsatsen til det lilla laget.

«I’m fast»
Etter ein reprise av den nasjonale finalen var det dekka på med julebrus og ei enorm kake med bilete av deltakarane på, til dei som var i Kulturhuset. Deretter var det klart for den store finalen på storskjerm i kinosalen. Det var no det skulle avgjerast. Vinnarane av Energikampen 2006 skulle kårast og offentleggjerast.
Det nederlandske laget gjekk raskt ut og annonserte seg sjølv som favorittar.
— Are you strong, spurte Gunnhild Øvernes.
— Yes, svara ein av Nederland sine deltakarar, ein tolvåring på heile 1,95 meter. Bjørn Runar Grønstad let seg ikkje skremme og svara raskt at: «I’m fast». Det fekk publikum i kinosalen til å jubla.
Då deltakarane fekk den første utfordringa i finalen, vann Nederland ganske klart over dei to andre laga. Noreg kom på ein god andreplass, medan Sverige måtte sjå at samarbeidet svikta slik at dei kom sist. Alle tre laga svarte rett på regnmakarspørsmålet sitt, så plasseringa var den same når den siste og avgjerande utfordringa stod for tur.

Båltenning
Dei tre laga skulle ta med seg glødande kol i ei bøtte, og på ei flåte skulle dei dra seg sjølv over vatnet. På andre sida skulle dei tenne eit bål med hjelp av kolet, og tenne ein fakkel. Det laget som først klarte å tenne eit nytt bål utpå flåta med fakkelen, ville vinne.
Tolvåringane frå Etne låg bak Nederland, men klarte å løyse den siste oppgåva raskast og gjekk dermed sigrande ut av Energikampen 2006.
Jubelen sto i taket i kinosalen i Etne, og dei tre deltakarane vart klappa opp på scena der dei fekk pokalen frå den internasjonale finalen. I tillegg får dei ei reise til Svalbard som premie.

Gratulantar i kø
— Gratulerar så mykje. Sidan de har vore så flinke skal de få med dykk tusen kroner kvar av Etne kommune som de skal få bruka på Svalbard, sa ein stolt ordførar Amund Enge.
Rektor på Enge skule, Morten Odéen, var som alle andre imponert over innsatsen.
— Me på Enge skule er kjempestolte over dykk. Mari, Gunnhild og Bjørn Runar beviste gong på gong at godt samarbeid er kjelda til siger, og når presset vart stort, behaldt de fatninga. Det er ikkje tvil frå mi side om at de kjem til å nå langt, sa rektoren, som gav vinnarane av Energikampen ei diktsamling av Ingvar Moe på vegne av elevar og tilsette på Enge skule.
Kontaktlærar Rita Kollstrøm var heller ikkje overraska.
— Nei, eg er ikkje overraska. Dei har samarbeida godt, og dette har ført til siger. Dei er kjempeflinke, meinte ein stolt lærar.

Oppleving for livet
Deltakarane sjølv var overvelda over all merksemda dei har fått, men det er tydeleg at dei har fått ei oppleving for livet.
— Ja, dette har vore veldig kjekt. Me har lært mykje, i tillegg til at me har fått masse nye vener. Me fekk best kontakt med det grøne laget frå Lyngdal, men me snakkar med alle på MSN, fortel dei tre glade vinnarane.
Dei er naturlegvis også letta over at dei ikkje treng å vera tause om programmet lenger.
— Det er godt å endeleg kunne snakke med venene våre om kva me har opplevd, men det var merkeleg å sjå oss sjølve på tv i byrjinga. No går det greitt, smiler dei tre.
Dei fortel vidare at dei ikkje kunne tenkje på kor langt dei var i konkurransen medan den gjekk føre seg.
— Me hadde vel lik puls kvar gong, for me gjekk inn i utfordringane med ein innstilling som «me prøver», i staden for «me vinn». Det trur me at me vann på, i tillegg til at me støtta kvarandre heile vegen. Me prøvde ikkje å finne syndebukken om noko gjekk gale, fortel dei.
På spørsmål om kvar dei store pokalane skal stå er dei ikkje heilt sikre. Men rektor Morten Odéen veit råd:
— Dei hadde gjort seg godt på kontoret mitt dei, humrar den blide rektoren.