Felles front mot nedlegging

Rådmann Helge Thorheim sitt forslag om å spare seks millionar kroner på skulane i Vindafjord, […]

Rådmann Helge Thorheim sitt forslag om å spare seks millionar kroner på skulane i Vindafjord, blir nesten blankt avvist av Reidar Håvås og Terje Halleland. Dei er på ingen måte interesserte i å vurdere nedlegging av skular slik rådmannen foreslår.
Rådmannen har også presentert ein alternativ naudutgang for økonomien i kommunen, nemleg eigedomsskatt for heile Vindafjord.

Eit svik
— Begge deler er eit svik mot kommunesamanslåinga. Formålet var å spare pengar gjennom overflødige årsverk. No ser vi at den nye kommunen har fleire årsverk enn dei to gamle hadde til saman. Det der problemet ligg, ikkje at vi har barneskular i bygdene våre. Innbyggjarane får ikkje noko igjen av samanslåinga dersom resultatet blir at dei må betale eigedomsskatt. Begge delar er eit løftebrot, seier Håvås.
Han meiner det er krig mot den felles identiteten i Vindafjord dersom ein skal starte skuledebatt igjen.
Frp-politikaren Terje Halleland meiner det ikkje skal vere mykje igjen i Vindafjord dersom ein skal kutte barneskular i kommunen.

Avviser skatt
— Vi vil skjerme barn og eldre. Her må ein spare i rett rekkje-følgje. Difor må administrasjonen finne andre område å spare pengar på først, seier Halleland.
Det er neppe noko bombe at eigedomsskatt er uaktuelt for Frp.