Skytingens Dag fann stad fyrste gong i 1954. Målet, den gong som nå, er å få til ei betre rekruttering til dei lokale skyttarlaga. Etne og Ølen skyttarlag feira dagen med gratis pølser og skyting på Fikse. Arrangørlaga stilte med våpen og ammunisjon, og alle som ville fekk prøva å skyta på blink på den topp moderne skytebanen. I mai fekk skyttarlaget ferdigstilt 300 meter-banen for elektronikk, og kan nå skilta med både 100- og 300-meters banar med elektroniske skiver.
— Så sant du kan sjå, kan du skyta, smiler leiar i Etne skyttarlag, Elisabeth Lothe Nervik. Ho fortel at målet med Skytingens Dag er å få folk til å fatte interesse for skyting, og gje folk høve til å få prøva seg på skytebanen. Spesielt er dette retta mot ungane. Vanlegvis har idretten ei nedre aldersgrense på ti år, men denne dagen får også dei som er yngre prøva seg. Målet er å vekkja interessa, og på den måten auka rekrutteringa, fortel Elisabeth Lothe Nervik.
Få jenter
Både Etne og Ølen skyttarlag har ungdom som skyt seriøst, og som trenar fast kvar veke. Men enno er det for få jenter i sporten, noko som er synd. Når jentene først er med, gjer dei det jo veldig bra, fortel ho.
— Det må jo vera ekstra kjekt for jentene å vera med, her er jo så masse flotte og kjekke gutar, ler Nervik.
Elisabeth Lothe Nervik er svært nøgd med årets Skytingens Dag-arrangement. Ho fortel at dei har sett ny rekord, i alt har 50 personar vore innom. 25 vaksne og like mange ungar har fått prøvd skyteferdigheita på den moderne skytebanen.
— Med den nye elektronikken blir jo alt mykje lettare og kjekkare. Ungane tykkjer det er svært kjekt når dei kan liggja inne og sjå på ein skjerm kor dei treff på blinken, avsluttar Elisabeth Lothe Nervik.
Femti på 50-årsjubileum
Skytingens Dag fann stad fyrste gong i 1954. Målet, den gong som nå, er å […]