Fest og dugnad

Frå den spede starten har marknaden utvikla seg til ei fire dagars tilstelling med regionale […]

Frå den spede starten har marknaden utvikla seg til ei fire dagars tilstelling med regionale dimensjonar med tilreisande frå Haugalandet, Sunnhordland og Hardanger. At marknaden fenger så vidt, er ein viktig del av suksessen. Verken Ap-toppen Jens Stoltenberg eller Frp-eigaren Carl I. Hagen hadde spandert tid på ein mindre bygdemarknad. Jubileumsprogrammet hadde neppe vore så breitt og av ein så god kvalitet utan at det er titusnar som finn vegen til Etne denne første helga i august. Å halde oppe ryet som ein regional marknad er ein av utfordringane i åra som kjem.

Ei blanding av fest og dugnad for bygdefolket er ei velfungerande oppskrift for Etnemarknaden. Dugnad kan lett bli ei bør etter mange år, men når marknaden også er fest og møteplass, blir det ei god blanding. Som mange andre marknader og bygdedagar, var ein del av utgangspunktet at inntektene skulle finansiere andre gode tiltak. I Etne skaffa marknaden viktige inntekter då bygda tok den økonomiske utfordringa det er å byggje eit samfunnshus. Seinare har den også gitt inntekter til lag og organisasjonar som er reisverket i dugnadsarbeidet. Det har resultert i eit velsmurt arrangement sidan alle har hatt klart definerte oppgåver og ansvar.
Å halde oppe gløden og dugnaden er ei utfordring for jubilanten.

Det er snart ikkje ei bygd med respekt for seg sjølv som ikkje har ein festival eller bygdedagar. Ikkje minst i våre kommunar er det små og store arrangement gjennom heile sommaren. Etnemarknaden har bidratt positivt ved å vere eksempel på at det går an å lukkast. Men konkurransen frå andre festivalar og bygdedagar, er også blitt ei utfordring for marknaden.
Men med ein så vital 25 åring, er det all grunn til å tru at Etnemarknaden taklar utfordringane som ligg i løypa i åra framover.