Fjæra får to år til

Foreldra på Rullestad og Fjæra ser dermed ut til å bli bønhøyrde av kommunepolitikarane. I […]

Foreldra på Rullestad og Fjæra ser dermed ut til å bli bønhøyrde av kommunepolitikarane. I formannskapet er det i alle fall så langt lita stemning for å gi elevane to-tre skuletimar ekstra i bussreise ved å leggje ned Fjæra skule. Også med direkte buss frå Fjorden vil det ta over 50 minutt kvar veg for dei som bur lengst vekke til å kome seg til Enge skule i Etne.

Får pusterom
Både Ingvor Gundegjerde (Sp) og Liv Tungesvik (KrF) var raskt ute i formannskapet med å slå fast at det ikkje er forsvarleg å gi ungar ned til fem-seks årsalderen ei så lang skulereise. Time-out for Fjæra blir etter alt å dømme redda av «ledige» kroner dersom kommunen lar vere å betale ned 1,5 million kroner ekstra på låneavdrag slik som planlagt. Formannskapet drøfta budsjettet på tysdag utan å gjere vedtak, men med støtte i gruppemøte kvelden før, vart nedlegging av Fjæra skule avblåst. Den einaste som var for nedlegging alt frå neste skuleår, var Therese Lundal Hustvedt. Høgre-politikaren frå Markhus har sjølv barn som høyrer til Fjæra skulekrins. Ho har fått overføre ein elev til Enge skule i sentrum.

Elevtalet magisk grense
Også ordførar Amund Enge vil gi Fjæra og Rullestad to år til for å sjå an elevtalet og gi tid til omstilling dersom skulen skal nedleggast. I følgje Enge er det ingen slingringsmonn dersom Fjæra skule blir udelt, med 12 eller færre elevar. I så fall vil Høgre gå inn for å avvikle skule utan diskusjon.
Elevtalet på Fjæra og Rullestad balanserer på den magiske grensa sidan det i dag ser ut til å bli 13 elevar frå neste skuleår, og 15 året etter. I lovverket er ikkje 12 elevar lenger ei grense mellom udelt og todelt skule, men også foreldra på Rullestad og Fjæra meiner skulen blir for liten når elevtalet går under den gamle to-delinga.

Godt mottatt
Signalet frå formannskapet blir godt mottatt av Ole Vidar Melkeraaen, leiar i foreldra sitt arbeidsutval ved Fjæra skule.
— Dette er godt nytt for oss. Reisetida blir for lang for dei minste elevane dersom dei skal til Enge. Det betyr mykje for folket her at vi får områ oss litt. Dessutan er det elevgrunnlag i to år framover, seier han.
Kva som vil skje etter to år har ikkje Melkeraaen svaret på i dag. Om tre år er ser prognosen ut til å vere 7-8 elevar.
— Skal det flytte familiar til bygda, må det i alle fall skje når vi har skule. Ryk skulen blir det jamt slutt. Difor bør ein vente med nedlegging til at det ikkje er råd å halde oppe skulen lenger, seier han.

Skare mindre aktuelt
Signalet frå formannskapet er at Fjæra skule ikkje har framtida for seg dersom det ikkje kjem tilflytting som aukar elevtalet om tre-fire år. Rådmannen informerte om kjøp av plassar ved Skare skule i Odda. Men det er eit alternativ som ikkje skaper den store entusiasmen blant politikarane.
Elevpendling over kommunegrensa blir oppfatta som å gi slepp på denne delen av Etne kommune. Dessutan er det foreldre som uansett vil at ungane skal gå på Enge. I så fall vil det føre til todeling av barneflokken og ei dyrare løysing for kommunen.