I følgje Samarbeidsrådet for Sunnhordland var det tett opp under 100.000 overnattingar i Sunnhordland i perioden frå mai til august.
Det er ein auke på 10.000 overnattingar samanlikna med 2005. I august hadde hotella ein auke på 39,7 prosent samanlikna med året før.
Prosjektleiar for reiseliv i Samarbeidsrådet, Kjartan Pettersen, konkluderer med at det gode vêret, spennande natur, og ikkje minst store tilskipingar i heile regionen, er med på å halde eit høgt nivå på overnattingar også i august.
Han nemner Chess i Moster Amfi på Bømlo, og Etnemarknaden som viktige tilskot til reiselivsmarknaden i Sunnhordland.
Mange i hytter
Utviklinga går også i retning av at inntektene på kvar gjest aukar fordi både nordmenn og utlendingar blir lenger enn før.
I alt 80 prosent av overnattingane i turistnæringa i denne regionen er i hytter. Mange av desse hytteanlegga er ikkje store nok til at dei blir fanga opp i statistikken. Difor kan auken for Sunnhordland vere endå større enn det tala viser, meiner prosjektleiar Pettersen.
Den norske marknaden er den største, medan tyskarane utgjer flest blant utlendingane.
— Vi ser på utviklinga som ein effekt av den samla innsatsen i marknadsføring. Likevel har regionen eit stort unytta potensial der Sunnhordland kan bli endå betre som eit heilårig reiselivsprodukt, meiner Kjartan Pettersen som difor er spent på om auken heldt fram i september.
Fleire overnattar i Sunnhordland
I følgje Samarbeidsrådet for Sunnhordland var det tett opp under 100.000 overnattingar i Sunnhordland i […]