Fleirtalet positive til landskapspark i Åkrafjorden

Om lag 30 personar var samla på Åkrafjordtunet for å høyre korleis det går med […]

Om lag 30 personar var samla på Åkrafjordtunet for å høyre korleis det går med saka om å gjere Åkrafjorden til ein landskapspark. Dirk K. Tvedt, som jobbar i fylkesmannen si landbruksavdeling, starta med å stille spørsmålet «kva er ein landskapspark?».
– Dette er eit heilt nytt omgrep, eit pilotprosjekt må me kalla det, sidan det er ingen som har gjort noko slikt før oss, det er ein plass me verkeleg kan vise vår kulturarv på det beste, seier ein ivrig Tvedt, som presiserer at fylkesmannen ikkje lagar landskapsparkar, men kjem med ideen og støtta. Han fortel vidare at for å lykkast som landskapspark må ein ha ein «pakke» som har kvalitet og særpreg, opplevingselement i seg, og at det ikkje er det same som nasjonalpark. Men det er som på alt anna pengane som avgjer.
– At folk er villige til å investera i dette er avgjerande. I Åkrafjorden har ein både turisme, geoturisme, lokal mat og overnatting, fjell, sjø og masse meir å vise fram. Særleg dette å bu på ein gard er for mange attraktivt. På ein plass som Åkrafjorden, der det er mange gardbrukarar er det svært viktig at alle grunneigarar får seie si meining om kva som bør gjerast, og at alle vert inkludert i prosessen, legg han til.

Fleirtalet positive
Prosjektkoordinator Egil Ørjan Thorsen fortel at han jobbar mykje med å finne sponsorar og samarbeidspartnarar til prosjektet.
– Skånevik vil væra ein naturleg samarbeidspartnar i framtida, men ikkje enno. No konsentrerar me oss i utgangspunktet om at landskapsparken skal gå frå Indre Tungesvik til Rullestad, både på nordsida og sørsida av Åkrafjorden, seier han.
Han ser for seg at landskapsparken vert ei merkevare med Langfoss som spydspiss. Han fortel at han har arbeida mykje med spørjeskjemaet som vart sendt til dei aktuelle husstandane i området.
– Me sendte ut spørjeskjema til 300 stykk frå Indre Tungesvik til Rullestad. Me fekk 29 svar, seier Thorsen, som presiserer at det er ikkje er 29 personar som har svart, men at fleire har sett seg saman og levert felles svar.

Båt til turistane
På spørjeskjemaet vart folk inviterte til å kome med døme til kva utviklingsmoglegheiter ein har i Åkrafjorden. Fleire av dei som svara hadde bygging av drift som eit av punkta. Innan dette ligg fritidshus, driftsbygningar og ymse overnattingsstadar.
Andre punkt som kom fram var å ha båt til turistane, i tillegg til å få til noko på suvenirfronten. Fleirtalet av dei som svara var positive til søknad om eit driftsselskap type Åkrafjorden Opplevingar AS. Om lag halvparten kunne tenka seg å stå som underleverandør, og det same på om ein vil formidle på kommisjon. Heile 19 av dei 29 svara også ja når det kjem spørsmål om ein vil kjøpa aksjar om det vert aktuelt.
Planen vidare er at det vert danna eit interimstyre som blant anna skal kartleggje investeringsbehovet til prosjektet og sikre vidare framdrift, med finansiering og det heile. På møtet vart det stilt spørsmål om det kanskje er litt for tidleg å danne eit interimstyre, men fleirtalet ville få ballen til å rulla snarast mogeleg.

Treng fleire pådrivarar
Det er lagt fram forslag til at det skal være ein til to representantar frå kvart område i interimstyret. Det vil seie tre områder frå Rullestad til Indre Tungesvik. I tillegg vil det sannsynlegvis væra to til fire representantar frå næringa, til dømes frå eit aktivitetsselskap, overnattingsbedrift eller turistinformasjonen.
– Det er søkt om støtte hjå fylkesmannen, og svaret er venta på nyåret. Men me treng som sagt folk og fleire investorar for å få dette til, seier Egil Ørjan Thorsen.
– Me må i alle fall seia at dei som har lyst å væra med å få dette i gong, meld dykk, avsluttar han.