Flott NM-opning av Chris

Det er ein bra prestasjon med tanke på at nivået i norsk herrelangrenn er veldig […]

Det er ein bra prestasjon med tanke på at nivået i norsk herrelangrenn er veldig høgt. Det er nesten 40 herreløparar som er med på eitt eller anna landslag. I tillegg kjem løparane på det privatfinansierte Team Manpower, regionlaga, kretslaga og ikkje minst alle dei andre som satsar på heiltid. Dei som er med i Team Sirdal, har hatt fleire høygeopphald sidan i sommar. Chris har på si side ikkje hatt noko tilbod etter at han mista plassen på rekrutteringslandslaget. Men 22-åringen har mange treningskameratar i Meråker. Han har funne seg godt til rette i den nordtrønderske fjellbygda. Det var sambuarens studieplanar som førte han dit.
– Eg har ingen ambisjonar om å komme på landslag. Det viktigaste for meg er å gå fort på ski. Så langt har denne sesongen vore oppløftande. Målsetninga er å få gå verdscup eller Skandinavisk Cup, seier Chris Jespersen til Grannar. Han har brukt hausten og vinteren til å forbetre teknikken og kapasiteten i klassisk. Det vekte oppsikt at han gjekk så fort på opningsdistansen i NM. Morten A. Djupvik var ein av dei som gledde seg over dei flotte prestasjonane. Landslagstrenaren er ein av dei som har venta på at Jespersen skulle slå til. Djupvik så tidleg kva potensial den tidligare juniorverdsmeisteren hadde i langrennssporet.
Korlevoll-løparen frå Skånevik har slite med å få det ut i seniorsamanheng. For to år sidan fekk Chris ein god start på seniorkarrieren. Han klarte ikkje å følgje opp etter jul. Derfor har han og trenar Roy Kaldheim lagt eit anna løp i vinter. Jespersen ser frem til laurdagens duathlon.
– Eg håper å gå fort i den doble jaktstarten. Målsetninga er å gjere det minst like bra der. For å ha ein sjanse må eg gjere det bra på 15-kilometer klassisk. Det er der eg må leggje grunnlaget, seier Chris. Fristilspesialisten fryktar det vil bli tungt dersom han blir liggjande for langt bak når det er klart for skibyte. Torsdagens 25. plass tyder på at forma er bra.
– Det har fungert bra dei to siste vekene, seier Chris til Grannar. Han trur ikkje mykje reising og mange renn den siste tida har spolert NM-forma. Jespersen føler seg fin i kroppen. Fredagen hadde han tenkt å bruke til skitesting og restitusjon.