Som tidlegare år var det samla mange unge både i og rundt Ølen sentrum. Ungdomane var ifrå Ølen og dei fleste av våre nabobygder. Det var eit stort rusfritt arrangement på idrettshallen som tiltrakk seg mange unge. Oransjerussen og raudrussen var samla på ulike stadar i bygda, og ein stor gjeng av ungdomar var samla i eit lite skogholt. Elles gjekk det unge til og frå dei ulike samlingsstadane.
I likskap med oss natteramnar var politiet godt synleg og stakk innom dei ulike stadane med jamne mellomrom. Ungdomane såg på oss som eit naturleg innslag og slo gjerne av ein prat med oss. Me møtte utruleg mange kjekke ungdomar, som tydeleg viste at dei koss seg og hadde det kjekt saman. Det rådde god stemning overalt.
I motsetnad til tidlegare år, var det i år ingen konfliktar å rydda opp i, ingen overstadig rusa som me måtte ta oss av eller andre uakseptable situasjonar. Tvert om var det ei svært positiv oppleving og absolutt den beste 16. mai eg har vore natteramn. Dette er svært gledeleg med tanke på alt fokuset det har vore på rusproblem i distriktet i det siste.
Eg vil retta ei stor takk til den flotte ungdomen me har for god oppførsel. Dette lovar godt for framtida, så fortsett med å ha det kjekt saman. Personleg er eg stolt over ungdomen vår og glad for å oppleva dei frå ei så positiv side. Lykke til vidare i livet.
Tone Hatteland,
Ølen