Fokus på norsk skule

I utgangspunktet er me imot denne måte å testa elevane sine kunnskapar på. Det er […]

I utgangspunktet er me imot denne måte å testa elevane sine kunnskapar på. Det er mange faktorar som spelar inn og alle kan ikkje lesast av på ein skala. Sjølv om dei aller minste klassane ikkje blir rangerte, vil det vera store sprik mellom ein klasse på ti elevar og ein klase på tretti elevar.

Sjølv om ein må ta resultata for det dei er verdt, kan prøvane likevel vera ein peikepinn om korleis det står til med kunnskapane i dei ulike fag og på ulike alderstrinn. I kommentarar frå dei enkelte skular kjem det fram at resultata ikkje var heilt uventa. Oppvekstinspektør Per Ivar Ertresvåg i Vindafjord kommune, som kom ut med relativt dårlege resultat, seier til Grannar at dei vil ta dette på alvor. Dei aktuelle prøvane var gjennomførte i fjor vår. Sidan den tid har elevane i Vindafjord-skulen til liks med mange andre skular rundt i landet hatt fokus på leseopplæringa.

Men det er ikkje berre nasjonalt elevane i den norske skulen kjem dårleg ut. Statistikk frå elevar i heile Europa viser at våre elevar ligg i botn i dei fleste fag. Spesielt ille er det i realfag. Dette har skulane alt grepe fatt i. Høgskulen Stord/Haugesund set nå inn ekstra krefter for å auka kompetansen i desse faga.
Eit slikt tiltak er heilt nødvendig. For at elevane i den norske skulen skal halda tritt med elevar i andre land, må det ei radikal endring til. Ikkje i form av ulike prosjekt, som det etter vårt syn har vore altfor mange av. Men med eit mykje sterkare fokus på basisfaga, heilt frå småskulen og til vidaregåande skule og høgskule. Elevane går i skulen for å læra. Dersom dei får rett opplæring på sine nivå, tykkjer dei aller fleste at både matte og norsk er kjekt.
Fleire parti har varsla at skule er ei fanesak i den føreståande valkampen. La oss håpa at debatten ikkje kokar ned på kven som har gjort minst og kven som har gjort mest. Alle parti bør samla seg om at norsk skule treng eit kjempeløft. Konkurransen om kunnskap både nasjonalt og internasjonalt er beinhard. Det er ikkje noko som tilseier at våre elevar skal vera dårlegare enn andre. Tvert om skulle alt liggja til rette for at dei kan komma ut blant dei beste.