— Fondet bør kome Sandeid til gode

Fondet, som blei overrekt Vindafjord kommune i desember, skal vere ein kompensasjon for utbygginga av […]

Fondet, som blei overrekt Vindafjord kommune i desember, skal vere ein kompensasjon for utbygginga av Rødneelva. Pengane er øyremerka barne- og ungdomsarbeid, og det blir opp til politikarane i kommunen å avgjere korleis pengane skal disponerast ut over dette. Rådmannen tilrår at pengane går til barn og unge i heile nye Vindafjord kommune. Jan Ove Stople (H) meiner derimot at fondet bør kome Sandeid til gode, og han håpar på å få fleirtalet av politikarane til å innsjå det same.

Viktige grunnar
— Det er to viktige grunnar for at eg meiner det: For det første sidan inngrepet skjer i Sandeid. Det er ikkje så mange fossar her, og no bygger dei ned den eine. Når Haugaland kraft så vil gje ein kompensasjon, bør pengane brukast i Sandeid. Dessutan kjem pengane på grunn av lag og foreiningar i bygda. Sandeid velforeining er den einaste som har søkt Haugaland kraft om kompensasjon. Det skjedde i 2002 etter at det var blitt arrangert eit folkemøte. Det kom aldri eit direkte svar på den søknaden, men me ser at pengane kjem på grunn av den typen engasjement, grunngjev Stople.
Sandeid velforeining blei stifta nokre år tilbake nettopp for å kaste lys over tapa bygda lir når Haugaland kraft startar kraftproduksjon i Rødneelva. Foreininga er sett saman av representantar frå lag og organisasjonar i bygda.

Overraska
Ut frå signala Haugaland kraft hadde gjeve, kom det overraskande på laga i Sandeid då pengane blei overrekt kommunen i staden for velforeininga.
— Haugaland kraft kunne sagt litt meir når dei gav pengane til kommunen, kommenterer Stople.
I forslaget han legg fram på kommunestyremøtet i morgon, føreslår han at søknadar om å få tildelt pengar frå fondet skal gå til Sandeid velforeining. Der skal søknadane vurderast og innstillast til rådmann, som legg saka fram til handsaming i driftsutvalet for endeleg avgjerd.
— Det hadde vore fint om me kunne fått til noko som viser igjen, og som gagnar alle i bygda, seier politikaren, som meiner det er ein fare at pengane smuldrar vekk på altfor mange hovud.
Føremålet er at pengane skal vere med og styrke dei lokale oppvekstvilkåra.
— Denne saka er ikkje så kjekk på den måten at den gjerne får preg av at me er ute etter å «klore til bygda». Men sidan det som sagt er i Sandeid at aktiviteten og inngrepet går føre seg, i tillegg til at det blei sagt og lova på folkemøtet at ein eventuell kompensasjon skulle tilfalle bygda, så synst eg dette er rett, sluttar Stople.