Forbrenningsanlegg i Vikebygd Om å redde Noreg og verda

Frå 2009 kjem det nye reglar for bossdeponering. Forbrenningsanlegg for søppel kan vere gode miljøprosjekt. […]

Frå 2009 kjem det nye reglar for bossdeponering. Forbrenningsanlegg for søppel kan vere gode miljøprosjekt.
Alt dette er rett. Alt dette blir feil når det vert sett i samanheng med dei eksisterande planane for forbrenningsanlegg i Vikebygd.
Det skal mykje velvilje til for å oppfatte dette som eit miljøprosjekt. Det dreier seg vel heller om ein (meir eller mindre seriøs) forretningsidé som har teke opp miljøspørsmålet som vikarierande argument etter at det oppstod motstand mot planane.
Skal ein løyse den nasjonale utfordringane med avfallshandtering, er neppe eit kommunestyre rette staden å ta fatt. Og hastesak er neppe rett prosedyre.
Derimot kan det vere fruktbart med ei litt meir audmjuk tilnærming. Me kan t.d. stille spørsmåla: Kva lokale konsept kan vere aktuelle for handtering av avfall i Vindafjord? Korleis kan me erstatte/avvikle det dårlege alternativet Toraneset? Kva potensial finst for utvikling av teknologi og kompetanse? Kan det òg ligge lønsemd og verdiskaping i dette? Med andre ord; det gamle slagordet om å tenke globalt og handle lokalt (i motsetnad til å la vere å tenke og handle globalt), samle gode krefter og satse på synergieffektar.
Når tunge bedrifter i kommunen no signaliserer at dei arbeider med å utvikle nye system for handtering av avfall, kunne dette vere eit godt høve til å setje i gang ein felles tankeprosess med ei heilskapleg løysing og vinning for alle involverte som mål?
Min hypotese for konsekvensutgreiing: Det anlegget som har vore planlagt på ein lekter i Ålfjorden ville ha få vinnarar og store kostnader/irreversible konsekvensar med omsyn til både miljø og livskvalitet. Det er allereie brent for mykje energi i dette prosjektet.
Anlegget er ikkje dimensjonert for lokale behov. Tvert om tykkjest det å vere dimensjonert for å ta hand om heile verda sitt søppelproblem. Samstundes vart oppgåva overlaten til ein einsam ryttar med blankofullmakter og på uviss tid. Spørsmålet er då om dimensjonane svarer til intensjonane, og om Helander er riddaren med blank nok rustning til å bere eit slikt heltemodig prosjekt? At Vikebygd er rett stad, er udiskutabelt. Men for kva?

Jan Otto Hovda
Vikebygd