Fordobling hos Hatteland Solution

I dag driftar Hatteland Solution AS i Nedre Vats 650 ASP-brukarar, nå får dei 750 […]

I dag driftar Hatteland Solution AS i Nedre Vats 650 ASP-brukarar, nå får dei 750 nye. Ei ASP-driftsteneste inneber at Hatteland Solution har serveren til kundane sine datamaskinar og driftar utstyret for desse frå datasenteret sitt. Dermed slepp ei verksemd å ha IT-tilsette.
NetPartner AS held til på Åndalsnes og har fire tilsette. Oppkjøpet har ingenting å seia for dei 29 tilsette ved kontoret i Nedre Vats.
— Dei fire kjem til å behalda jobben sin og kontoret vil bli liggande på Åndalsnes, seier Ingolf Steensnæs, dagleg leiar i Hatteland Solution AS.
— Styrken med dette oppkjøpet er at me nå vil få eit kontor på Nord-Vestlandet. Me har nokre kundar der og det vil vera ein fordel for desse at me er lokale seier Steensnæs.

Sterkare
Stein Jørgen Dahle, dagleg leiar i NetPartner AS, er godt nøgd med oppkjøpet.
— Me ser på Hatteland Solution og NetPartner ilag som eit vesentleg sterkare fundament for satsinga vidare. Hatteland tilfører NetPartner mykje. Hatteland og NetPartner har hatt ulike innfallsvinklar, og det betyr at me har lite overlappande funksjonar når me nå slår oss saman, seier Dahle. Han ønskjer ikkje å kommentera prisen.
— Det er ein korrekt og fornuftig pris utan at eg vil kommentera det meir, seier Dahle.

I vekst
Oppkjøpet er eit ledd i strategien om at Hatteland Solution skal bli den leiande leverandøren av datatenester i landet.
— Me ønskjer å veksa. Først ønskjer me å dekka Vestlandet, deretter har me ein ambisjon om å dekka heile Noreg når det gjeld drift av ASP, seier Steensnæs. Han seier at tida vil visa i kor stor grad avtalen er gunstig. Marknaden er i alle fall aukande.
— Fleire og fleire verksemder legg ut IT-tenestene sine. Dei vil heller driva med kjernearbeidet sitt, seier Steensnæs.
Hatteland Solution driftar ASP over heile landet, også ved nokre av kundane sine avdelingskontor i utlandet. Budsjettert omsetning for 2005 er 22 millionar kroner. NetPartner har budsjettert for 8 millionar i inneverande år.