— Foreldra er ikkje tvungne

Det seier Lisa Maria Mæland som er leiar for foreldra sitt arbeidsutval i den private […]

Det seier Lisa Maria Mæland som er leiar for foreldra sitt arbeidsutval i den private barnehagen. Både ho og eigarane av Småfolk barnehage, Annette Lauareid Hovda og Anne Grethe Rullestad, meiner det blir skapt eit feil inntrykk av at foreldre føler seg tvungne til å ta plass ved den private barnehagen.
Det var foreldrerepresentantar frå Enge barnehage som i Grannar hevda at dersom det var ledige plassar ved Enge, vil ein del foreldre heller ha dette tilbodet enn i den private barnehagen. Dei fryktar at nedlegging av ei avdeling i den kommunale barnehagen skal føre til dei må ta barnehageplass på Grønstad, med lenger reisetid.
Tilpassa behov
— Inntrykket av at folk er tvungne til Småfolk er feil. Det er ingen som har sagt dette til meg, og eg har spurt ein del foreldre. For min eigen del synst eg det er greiare med ein mindre barnehage sjølv om Enge er nærmare. Dessutan er tilbodet meir tilpassa vårt behov sidan eg arbeider turnus. I Enge er ikkje tilbodet så fleksibelt, seier foreldrerepresentant Mæland i Småfolk barnehage.
Ho synst også det er ein fordel at ungane er i lag på tvers av dei to aldersgruppene ungane ofte er delte opp i. På Enge deler ein opp under og over tre år. Det var difor tilbodet som var avgjerande då Mæland valde barnehage.
Felles opptak
I følgje barnehageeigar Anette Lauareid Hovda, var det naudsynst for dei å ha opptak før det kommunale inntaket for å få barnehagen i gang tidsnok om hausten.
—Felles opptak i barnehagane var ein del av avtalen då kommunen godkjende barnehagen vår, og slik blir det neste år. Søknaden vil vise foreldra sine ønske, seier Hovda.
Ho viser også til at ein i dag ikkje veit om det blir for liten plass på Enge til hausten dersom ei avdeling blir lagt ned. Småfolk har også ledig kapasitet i dag, og kan auka omfanget dersom det er behov for det.
Redda situasjonen
Foreldrerepresentant Lisa Maria Mæland forstår at foreldre som ønskjer plass ved Enge barnehage kjempar mot nedlegging av ei avdeling der. Men ho meiner det er feil å skyte på Småfolk barnehage.
Lauareid viser til at dei ville ha starta barnehage uansett, og at det ikkje var noko kommunen kunne hindre.
— Eg meiner det er bra med konkurranse og ulike tilbod. Dessutan løyste barnehagen eit behov for fleire barnehageplassar i fjor. Ventelistene hadde vore lange utan oss, seier Hovda.
Barnehagen gir i dag tilbod til 20 barn.