Felles sentralskule for alle ungdommar i Vindafjord blir tema i kommunestyret i april. Der ber oppvekstutvalet om støtte til å be rådmannen om å leggje fram ei sak om ny sentralskule for ungdomstrinnet i Ølen.
Det betyr i så fall at ungdomsskulane i Skjold og Vikedal blir lagde ned.
Moderne og tidsrett
Tone Hatteland (H) er initiativtakar til forslaget om å vurdere ny sentralskule for heile kommunen. Ho er leiar for utvalet for oppvekst i Vindafjord. Sjølv om det var delte meiningar i utvalet, var det fleirtal for å gå i gang med ei slik vurdering.
— Det er viktig å presisere at utgangspunktet ikkje er at ein skal spare pengar. Målet er å få ein moderne og pedagogisk tidsrett skule. Det tar tid å få vurdert eit slik spørsmål, og difor bør ein ta det opp no. Det er alt no snakk om at det blir for liten plass på skulane i Skjold og Ølen. Løysinga kan vere å byggje ein ungdomsskule for heile kommunen, seier Tone Hatteland.
I Ølen
Ho trur mange ungdommar er interesserte i eit større miljø, og Hatteland meiner ein ny, felles skule vil bli eit framskritt. Det blir større fagmiljø, og alle elevane får bytte til ny skule når dei er ferdig med barneskulen.
Ho meiner det er naturleg å ta utgangspunkt i at skulen skal vere i Ølen sidan det er knutepunktet i Vindafjord.
— Ølen er kommunesenteret. Kontakten med den vidaregåande skulen er blitt viktigare etter at elevane i ungdomsskulen skal velje programfag. Dessutan er det eit større miljø av bedrifter som skulen kan knytte seg til, seier ho.
Neppe støyfritt
Ho reknar ikkje med at det blir støyfritt når forslaget blir lansert.
— Eg er klar over at det blir spørsmål om reiseavstandar, men det er tema som må utgreiast. Det er skepsis mot sentralisering, men ein felles ungdomsskule er ikkje noko hinder for levande bygder. Dessutan er Ølen peika ut til kommunesenter, meiner Hatteland.
Forslaget frå oppvekstutvalet er at det berre er ungdomstrinnet som skal vurderast, ikkje barnetrinnet.
Det er i dag 337 ungdomsskuleelevar i Vindafjord fordelt på Ølen (130), Skjold (125) og Vikedal (95). Det er ganske stabile elevtal for ungdomstrinnet i åra framover i følgje kommunen sine tal.
Foreslår felles ungdomsskule
Felles sentralskule for alle ungdommar i Vindafjord blir tema i kommunestyret i april. Der ber […]