Det er bransjeorganisasjonen Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) som står bak forslagslista. Regjeringa legg på måndag fram den omtala krisepakken som skal skapa auka aktivitet og sysselsetjing i Noreg. Pengane som blir delt ut skal i stor grad gå gjennom kommunane. RIF har nå utarbeidd ei liste på 113 prosjekt landet over, som dei spelar inn til regjeringa når pengane skal fordelast.
Lista med prosjekta som RIF meiner er verdt krisepengar, fordeler seg på samferdsle, energi, vatn/avløp/renovasjon, offentlege bygg, kultur og idrett. 17 av dei 113 prosjekta ligg under kategorien kultur og idrett, og til saman har desse ein prislapp på 3,6 milliardar kroner. Det nye kulturhuset i Etne, såkalla Skakkesenteret, utgjer 90 millionar av denne potten.