Fortvila situasjon

På grunn av eit stivbeint regelverk risikerar Dem Avdijaj å bli sendt tilbake til Kosovo. […]

På grunn av eit stivbeint regelverk risikerar Dem Avdijaj å bli sendt tilbake til Kosovo. Paret risikerar å bli flytta frå kvarandre med tvang.
Dem Avdijaj har hatt jobb, men får ikkje lenger jobba fordi han har fått avslag på søknaden om asyl. Dersom han ikkje får tilbake arbeidsløyve raskt, risikerar han også å mista jobben han vart fast tilsett i før jul fordi arbeidsgjevaren ikkje kan venta. Normal sakshandsamingstid tilseier at det raskt kan bli realiteten.

No er det ein søknad om familiesameining som kan vera utvegen for paret. Problemet då er at regelverket tilseier at det er ho – og ikkje han – som må ha evna til å forsørgje familien. Det enda det er han som har vore den mest yrkesaktiv og hatt den høgaste løna – som elles ligg langt over kravet om minsteinntekt som UDI stiller.
Enda verre vert det sidan helsetilstanden hennar gjer at ho ikkje har moglegheit til å tene nok pengar til å klara kravet om ei årsinntekt på 178.100 kroner. Reglane fører dermed til at saka deira står mykje dårlegare når ho skal handsamast.

At ein må ha eit regelverk er klart. Likevel viser denne saka at regelverket ein skal halda seg til ikkje tek nok omsyn til kvar enkelt situasjon. Her snakkar me om ein person som har fått seg familie og har jobb på ein arbeidsplass som har behov for han. Å senda han tilbake til Kosovo strir ikkje berre mot all fornuft, det er også umenneskeleg overfor heile familien.
Saka krev rask handsaming frå direktoratet si side. Slik saka står må det vera eit krav om at UDI viser menneskelege omsyn og ser situasjonen slik den er og ikkje berre slavisk ser på korleis regelverket er. Eit regelverk som øydelegg for det som er fornuftig er ikkje eit fornuftig regelverk.