Forventa nedtur

Sjølvsagt er det lenge igjen til valet, men målinga viser at Høgre som venta har […]

Sjølvsagt er det lenge igjen til valet, men målinga viser at Høgre som venta har tapt veljarar, spesielt etter nominasjonsbråket i vinter.Å gå frå det desidert største partiet til å bli nummer fire, er ein nedtur. Likevel er ikkje partiet så langt bak at det er umogeleg å komma tilbake innan 10. september. I dag er det faktisk så jamt blant dei fire største partia i Etne at det er duka for ein solid porsjon hestehandel for den som skal i posisjon.

Blir resultatet ståande kan faktisk både Arbeidarpartiet. Senterpartiet, Framstegspartiet og Høgre vera i posisjon til å forhandla om ordførarvervet. Dermed blir det spennande å sjå kva partia er villige til å ofra av eigen politikk for å koma i posisjon. Dette er noko Grannar vil utfordra partia til å svara på før valet.Men eit så jamt resultat kan ein også håpa vil føra til at fleire veljarar også vil engasjera seg i valet, og at fleire enn ved sist kommuneval finn vegen til stemmeurnene. Det er viktig for å ha eit levande og godt lokaldemokrati. Oppfordringa til veljarane må difor vera å utfordra politikarane, gjerne på lesarbrevplass i Grannar, på saker dei er opptekne av. Folkets Røyst har alt gjort det, og det er plass til fleire.

For partia framover blir det svært viktig å få synleggjort sakene dei er opptekne av. Me håpar det ikkje vert ein valkamp prega av løfter som ein ikkje kan innfri. Når partia kjem med løfter som kostar, må dei også visa korleis dei skal finansiera desse. Auke ein plass, må som regel føra til kutt ein annan plass. Det er realitetane alle partia må forholda seg til når dei utarbeidar sine program.