Forvirring om brannberedskap

Fungerande brannsjef i Etne kommune, Ole Martin Grindheim meiner teknisk svikt var grunnen til at […]

Fungerande brannsjef i Etne kommune, Ole Martin Grindheim meiner teknisk svikt var grunnen til at røykstyringa svikta under tunnelbrannen i Åkrafjordtunnelen natt til måndag. Dette førte til at brannvesenet måtte køyre gamlevegen og mista verdfulle minuttar i sløkkjearbeidet. Sjølv om dette ikkje har noko å seie for utfallet av ulukka, der ein mann omkom, er det viktig å sikre seg at liknande ikkje skjer igjen, seier Grindheim.
Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Ivar Torkelsen seier at vegvesenet og brannvesenet må saman gå gjennom det som skjedde.
— Vi må sjekke dette ut. Viftene har vore prøvd og dette har fungert. Vi må gå saman om prosedyrane, og sjå på kva som var feil og kva som var rett, seier han.

Kritiske til bilsal
Systemet med å føre røyk i styrt retning i tunnelar erstatta brannbilen med vasståke som kommunen tok i bruk i 1997. Denne bilen vart seld våren 2007, på same tid som beredskapen vart endra.
— Det var store forventingar til denne bilen som det var berre to av her i landet, då Etne kommune kjøpte han. Men då beredskapen med å føre røyk i ønskt retning vart innført, var det ikkje bruk for bilen lenger, og bilen er nå seld, fortel Ole Martin Grindheim.
Brannvernleiar i Haugaland og Sunnhordland distrikt, Magne Heggland, stiller seg undrande til at vasståkebilen er seld, og han meiner ikkje det er rett at røykstyring kan erstatte den.
— Bilen skulle gi ekstra tryggleik, og beredskapen er redusert når den nå er seld, seier Heggland.

Alvorleg
Men når Heggland seier at sidan siste gjennomgang av utstyret i samband med tunnelbrannar var i 2001, kan det vere grunn til å stille spørsmål.
— Dette må vel vere så alvorleg at de snarast må kome saman?
— Ein gjennomgang av systemet saman med Etne kommune vil snarast skje på nyåret. Vi hadde øvingar i Rullestadtunnelen for to år sidan, seier Heggland, og legg til at det ikkje så ofte skjer ulukker.
Statens vegvesen er pålagd av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap å ha ansvar for brannberedskapen i tunnelane, medan grunnopplæringa av mannskapet er det kommunen som har ansvar for.