— Dette er strålande cupvêr, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Me har vore kjempeheldige, fastslår cupgeneral for Etne Cup, Sigbjørn Rafdal.
Saman med eit enormt apparat av foreldre og andre frivillige passar han på at alt går som det skal når 142 lag skal spele fotball ei heil helg. Utanom fotball kan arrangøren lokka med konsert med Jonas Thomassen som vart nummer to i Idol i fjor, diskotek, kino, straffesparkkonkurranse og ikkje minst St. Hans bål.
— Me har det gøy, og her får alle premie etter å ha spela kampane sine. Det er berre dei eldste som har skikkelig cupspel med kvalifisering til finale søndag, fortel han.
Og etter finalane søndag kunne Kalandseid sine småjenter og smågutar jubla for siger i årets Etne Cup.
Speleglede
Men Etne Cup handlar ikkje først og fremst om å stå igjen som vinnar. Det skal vere gøy. Det var også mottoet i laurdagens kamp mellom jenter 13-laga til Etne og Trott på bane 17.
Kampen var nokså jamn, men jentene i grønt fekk ikkje ballen i mål. Sjølv om dei fekk to mål mot seg, gav dei aldri opp. Dei heia og oppmuntra kvarandre heile tida, og jubla for store sjansar som om det var mål.
— Sjølv om dei for fyrste gong i år kan spele seg til ein finaleplass, ser det ut som om jentene har eit avslappa forhold til det. Dei kosar seg med spelet og har det gøy, seier oppmann Anne Stokkedal Lid.
Ho er også mor til Etne si målvakt, og heiar entusiastisk heile kampen.
— Me legg opp til å ha det gøy og få godt samhald i laget. Sjølv om laget ikkje har vunne ein einaste kamp til nå denne helga, går jentene på med godt mot. Det at me klarer å spele så jamne kampar, motiverer til å gje alt i neste kamp også. Det vil føre laget til deira første siger, seier trenar Per Martin Kjellesvik som seinare fekk rett i det.
Sosialt
Etter at jentene har takka for kampen kjem dei like smilande av banen, og dei synes alle at det var ein god kamp.
— Det er kjekt å spele fotball heile helga, og så er alt det andre også knallgøy. Me møter nye venner, går på disko – og så er det jo så masse gutar her, fortel dei oppglødde jentene.
Sjølv om Etne-laga bur heime hos seg sjølv føler jentene at dei får med seg alt det sosiale.
— Me er her frå morgon til seint på kvelden og får med oss alt det dei andre får, seier jentene.
På tribunen sit fire venninner saman og ser på kampane som går på stadion. Tre av dei speler for Etne medan den siste berre er med som supporter for venninnene – og for laga til Skånevik sidan det er der ho kjem frå.
— Me har vore med kvart år sidan me var gamle nok, men i år er siste året vårt, seier Karin Hegglund.
— Det er kjempekjekt på Etne Cup. Me får spele masse fotball og bli kjende me nye folk. Men sjølv om alt det som hender rundt er veldig gøy, så er det fotballen me likar best, fortel jentene.
— Nå skal me snart spele kamp att, og så er det straffekonkurranse. I kveld skal me på disko og sjå på St. Hans-bålet.
Idol-Jonas
Litt lengre borte på same tribunerad er det litt oppstyr. Der sit nemlig kveldens hovudattraksjon, Jonas Thomassen, eller Idol-Jonas som mange kallar han. Jenter og gutar i alle aldrar er borte for å få autografen eller for å ta bilete, og idolet har tid til alle.
Han har sjølv spela fotball i mange år, og innrømmer at det klør litt i beina når han sit slik å ser på all fotballspelinga rundt seg.
Rutine
Årets cup er den 27 i rekka, og med heile 142 påmelde lag vart det ny deltakarrekord. Arrangørane har også måtte seie nei til nokre lag.
Cupen er for aldersgruppa 9-14 år, men hovudtyngda er 11-12-åringane – og det er flest gutar. Med så mange lag er det rundt 3 000 folk som kjem til bygda denne helga, noko som er lett å sjå på det yrande livet i gatene og rundt dei ulike banane.
Laga ligg rundt på skulane i bygda, og ein del ligg i telt på campingplassar. Foreldre og sysken må sjølv finne overnatting og ligg på hotella i nærleiken.
— Det er mykje som skal ordnast og leggast til rette for å få til ei slik helg. Me har til ei kvar tid 20 dommarar i sving, og det vert spela heile 370 kampar i helga. Til kvart måltid er det 1 400 som skal ha mat, så kjøkkenpersonalet har nok å ta seg til, seier Sigbjørn Rafdal.
— Heldigvis er det mange som har vore med i mange år så dei er veldig rutinerte og veit kva som skal gjerast, seier han.
Og det aller meste gjekk som det skulle.
— Me har hatt få og små skadar og vêret var fint. Fredag måtte me flytte eit par kampar på grunn av fergekaos på Skjersholmane, men elles har alt gått på skinner, seier Rafdal.