Fryktar auka trafikk

Jon Edvardsen — Eg forstår ikkje korleis ein kan vedta denne trafikkløysinga når me ser […]

Her ved Skjold kyrkje  vil ny E134 gå ned i bakken og inn i tunnel. Lokal veg frå Skjoldavik skal gå over den nye og det blir ikkje råd å køyre inn eller av på nye E134.

Jon Edvardsen

— Eg forstår ikkje korleis ein kan vedta denne trafikkløysinga når me ser kva problem det skapar for lokaltrafikken som automatisk vil bli kanalisert til gamlevegen gjennom Skjoldavik. Det er ei bekymring administrasjonen i Vindafjord kommune deler med oss, men likevel godtar, slik Statens vegvesen vil ha det, seier Eli Haugen.
Ho bur i Skjoldavik og har engasjert seg i trafikkspørsmålet saman med fleire andre. Ho får klar støtte av leiaren i Skjold bygdelag, Ottar Krakk.

Inn forbi gartneriet til familien Reed blir det nytt kryss og av/på-køyring til Skjold-bygda. Det blir ikkje toplanskryss som først planlagt Her blir det sett av eit område til næring og bensinstasjon. Gartneriet protesterer fordi dei meiner vegløysinga hindrar utbygging av gartneriet. I dette området er det daglinje mellom to tunnelar.
— Det bør vere ei skikkeleg løysing for den interne trafikken før ein startar opp med ny E134. Dersom vi skal vente og sjå, trur eg vi vil slite med ulempene lenge, meiner han.

Ny interntrafikk
Dei er ikkje i tvil om at trafikkmønsteret internt i Skjold blir endra når det ikkje lenger blir like enkel tilknyting mellom ny E134 og lokaltrafikken i og med at krysset ved kyrkja blir avvikla. Dermed trur dei ikkje folk som bur i Isvik-feltet og Isvik Hageby eller andre stader i vest, vil bruke E134, men heller køyre gamlevegen gjennom Skjoldavik.

Solheimskrysset blir som før, og tunnelen går under Egge-toppen og kjem ut eit stykke før Solheimskrysset. Krysset var planlagt avvikla med ny tilkopling på Nygård (gartneriet) via gammal E134. Interntrafikk frå Sagi protesterte på at dei skulle måtte køyre gamlevegen til gartneriet og tilbake igjen på E134 for å kome til Austrheimsbygda. Framtidig løysing er difor utsett.
Skal denne lokaltrafikken bruke ny E134 må trafikantane køyre inn forbi gartneriet i Skjold der det nye krysset kjem, og deretter køyre ut igjen. Isvik-feltet og Isvik Hageby er det største byggjefeltet i Vindafjord, og i tillegg er det langt fleire som er knytt til skule og fritidstilbod på Vikaneset etter at ungdomsskuleelevane flytta til Skjold skule frå Vikebygd.
På Vikaneset er det skule, barnehage, tannklinikk/helsestasjon, bygdehus, og om ikkje så lenge vil bygda få idrettshall der også. Denne trafikken fryktar dei vil gå gjennom Skjoldavik.
— Vi er berre slik laga at vi vel den kortaste vegen. Difor trur eg ikkje folk vil køyre på ny E134 inn til Nygård, ta av i det nye krysset, og køyre tilbake til Vikaneset på gamle E134 som blir ny lokal veg. Dette veit ein alt no, og difor må ein finne alternative løysingar, seier Haugen.
— Det er heil klart at vi får ein nye situasjon i Skjoldavik med auka biltrafikk i kombinasjon med syklande og gåande som skal til skule eller trening. Det blir ikkje trygt, meiner Ottar Krakk.
Haugen ville først og fremst hatt kryss ved kyrkja der trafikk frå E134 kan ta av til Vikaneset, men ho påpeikar også  alternativet med å gjere gamlevegen gjennom Skjoldavik som blindveg og dermed fysisk tvinge lokaltrafikken inn på den nye E134 med avkøyring aust for gartneriet på Nygård.

Stiller krav
Bygdelagsleiaren er litt meir reservert når det gjeld slike løysingar, og trur det er ulike syn i bygda når det gjeld vegstenging. Å oppretthalde kryss ved Skjold kyrkje trur han kan vere eit tilbakelagt stadium sidan planen er vedtatt av lokalpolitikarane. Han er også opptatt av at nye alternativ ikkje må forseinke den nye traseen for E134.
— Vi må uansett finne ei løysing no, og ikkje utsetje dette spørsmålet. Dersom det blir ny veg mellom Isvik-felta og Skjoldali, vil det bli eit godt alternativ for denne delen av bygda, og dei treng verken inn på ny E134 eller køyre gjennom Skjoldavik. Men dette blir kommunen sin veg, og ein kan stille spørsmål kor tid det er aktuelt når ein ser på kommuneøkonomien, seier Ottar Krakk.
Eli Haugen stiller også spørsmål ved å utsetje løysingane, og ho trur det blir auka trafikk sjølv med ein eventuell ny veg for Isvik-felta. Ho påpeiker også at den nye gang- og sykkelvegen var nødvendig trass i ny E134 på grunn av stor lokaltrafikk. Ho ventar langt større trafikk gjennom trong veg i Skjoldavik som ikkje har plass til gang- og sykkelveg.
Ottar Krakk etterlyser litt fleire synspunkt frå folk i Skjold om kva dei meiner om vegløysingane i bygda.