Fryktar dødsulukker

Lensmann Ingvar Gjærde fryktar ei ny dødsulukke i trafikken dersom ikkje enkelte yngre sjåførar reduserer […]

Lensmann Ingvar Gjærde fryktar ei ny dødsulukke i trafikken dersom ikkje enkelte yngre sjåførar reduserer trykket på gasspedalen.
— Enkelte køyrer uhorveleg fort. Vi har i det siste fått inn meldingar om ungdommar som køyrer forferdeleg fort. Det skjer helst på spesielle strekningar, seier lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.
Politiet etterforskar ei ulukke mellom Ølen og Ølensvåg der det er mistanke om stor fart. Men det er først og fremst meldingar frå publikum som får lensmannen til å reagere.

Miste fleire
Gjærde minner om at det er vel eitt år sidan ein ungdom miste livet på riksvegen mellom Ølen og Sandeid. Ei ulukke som gjorde sterkt inntrykk på ungdom i distriktet.
— Eg fryktar ei ny ulukke dersom ikkje enkelte sjåførar forstår alvoret i å køyre så fort. På den strekninga det var dødsulukke i fjor, får vi inn meldingar om at det blir køyrd grassat fort. Det er all grunn til å minne om kor farleg dette er. Dei må ta seg saman før vi mistar fleire i trafikken. Før eller seinare treffer dei uskuldige, seier Gjærde.

Førarkort i tynn tråd
Det er særleg strekninga mellom Sandeid og Ølen som blir brukt som fartsetappe, men politiet har også fått inn meldingar frå andre strekningar i Vindafjord og Etne.
Dersom farten ikkje roar seg vil politiet aksjonere for å stoppe den Gjærde karakteriserer som uønskt åtferd i trafikken.
— Dersom ikkje ungdommane sjølve tar fatt i dette, vil vi gå ut med ein låg terskel for å dra inn førarkort. Det gjeld ikkje berre fart, men all annan åtferd det er grunn til å reagere på, til dømes burning og slike ting. Vi vil måtte bruke meir tid på dette og dra inn førarkort når vi kan, seier Gjærde.
Han meiner ein del av problemet er at stadig fleire yngre har god råd og har dyre bilar med mange hestekrefter under panseret. Mange unge er i fast arbeid med relativt gode inntekter. Difor er det også doningar på vegen som går som uhyrer, og det har sjåførane ein tendens til å prøve ut.
— Vi snakkar her om haldningar, og det er ikkje berre politiet sitt problem. Sjølv om sjåførar er myndige personar, bør også foreldre engasjere seg. Ulukker i trafikken går ofte også ut over andre, seier Gjærde.
Han meiner det er blitt ei råare køyring i trafikken, og han er glad for at folk engasjerer seg og reagerer på det dei observerer. Men først og fremst ber han om at ungdommen sjølv tenkjer over kva dei risikerer med stor fart.