Full klaff på glatt bane

Sjølv om banen var fri for snø då løpet starta, gjorde eit solid snøver gjennom […]

Sjølv om banen var fri for snø då løpet starta, gjorde eit solid snøver gjennom heile stemnet sitt til å forholda på Vikedal Motorbane vart stadig vanskelegare utover dagen. Men både førarar og arrangør takla dette, og bilar som køyrde seg fast i snøkanten vart greitt dratt ut igjen av arrangøren. Løpsleiar Sverre Sæterbø kunne konstatere at tidsplanen heldt, og at alt gjekk bra på bana.
— Dette gjekk fint og sidan farten ikkje blei så stor på det glatte underlaget, vart dei bilane som køyrde ut berre ståande i brøytekanten.
I bilcross var det Arild Riise og Per-Gaute Østbø som kom best i gang. Riise vann alle sine innleiande rundar, medan Østbø hadde to første og ein andre plass før han kunne stille opp i A-finalen. Per-Gaute Østbø var den som kom seg best gjennom første sving og tok leiinga, men i andre blei det for glatt og han snurra. Dermed var det Lars Reidar Frøyland og Martin Tveit som kunne ta seg opp i teten, og som også greidde å halde desse posisjonane innover mot mål. Det var lenge kamp om tredjeplassen mellom Arild Riise og Hans Kristjan Kristjanson, men då Riise til slutt greidde å ta seg forbi vart det tredobbel seier til Higre Teamet frå Tysvær. Lars Reidar Frøyland vann, føre Martin Tveit og Arild Riise.
— Ja, dette blei ein reprise av det som skjedde i august, då det også blei tredobbelt til Higre Teamet, så nå får me berre håpa at dette blir ein vane, sa Lars Reidar Frøyland etter løpet.

Gav meirsmak
Også i bilcross junior vart det vist mykje fin køyring på den etter kvart svært sleipe banen, og NMK Haugaland-føraren Arnt Olav Lillesund gjorde kort prosess og vann alle sine innleiingsheat: IA-f inalen tok han like godt sin fjerde seier for dagen.
— Ja, i dag fungerte alt, sjølv om det til tider var vanskeleg på det glatte føret.
Andremann i juniorklassen Christian S. Eikeland, frå arrangørklubben NMK Vikedal, likte seg godt på den glatte banen.
— Skikkeleg god erfaring å ta med seg, og eg håpar at NMK Vikedal får til eit slikt vinterløp til neste år òg.
For Anette Aarre vart det eit sterkt comeback etter at ho i det siste løpet i oktober fekk seg ein smell i ryggen etter ein samanstøyt. Denne gongen klaffa alt, i løpet som innleiar hennar andre sesong i juniorklassen.
— I dag tok eg min første heatseier, første A-finale og min første pallplass, så dette var heilt topp, sa ei svært nøgd Sagvåg-jente etter løpet.