Satsinga på kraftproduksjon er også med på å skapa lokal næringsutvikling i tillegg til at dei som sit på ressursane kan få økonomisk utbytte av dei. At Noreg må auka kraftproduksjonen er heller ikkje til å komme vekk ifrå. Såleis er også denne nye energiproduksjonen, som er basert på fornybar energi, viktig.
Samstundes er det viktig å ta vare på naturen og miljøet i lokalsamfunna. Det kviler eit spesielt ansvar på dei som vil byggja og dei som gjev løyve til utbyggingane om også å ta vare på dette.
Inngrep må skje på ein så skånsam måte som mogeleg.
Det skal gå an å få til kraftsatsinga sjølv om miljø- og naturinteressene blir passa på. Kraftverka som får løyve, må bli bygd på ein måte som kombinerar desse interessene.
Men sjølv om den lokale kraftproduksjonen aukar, ser me at det er underskot på kraft i Noreg. I eit normalår må det importerast straum for å dekka etterspurnaden.
Energi er eit gode det vil bli kamp om i framtida. Det er ein knapp ressurs, og luksussamfunnet me lever i har gjort seg avhengig av dette. I tillegg til at huset vert varma opp med straum, har mange bygd store hytter som krev like mykje. Det vil få som konsekvens at straumprisane kjem til å vera høge for all framtid.
Skal ein sikra at alle skal ha råd til straum må det setjast meir inn på sparetiltak. Dei finst det mange av i dag, men i tillegg må det for private innførast eit prishopp på all straum som er over normalt forbruk. Det vil tvinga fleire til å tenkja gjennom sitt eige straumforbruk og gje reduksjon på sikt.