Fullt hus og stor rift etter motorsager

— Dette er ei vidareføring av oppussinga vi gjorde for to år sidan. Vi har […]

— Dette er ei vidareføring av oppussinga vi gjorde for to år sidan. Vi har same areal som før, men har omdisponert slik at vi får ei betre utnytting av plassen. Butikken har vorte meir oversiktleg, fortel butikksjef Per Terje Tveiten ved Felleskjøpet Rogaland Agder avdeling Etne.
Han fortel vidare at det denne gong ikkje er snakk om noka stor investering.
— Nå er all innreiing skifta ut. Vi har fått mykje for enkle midlar. Felleskjøpet sentralt har tru på butikken her, og vil satse, noko vi sjølvsagt er veldig glade for.
Grunnen til satsinga ligg nok også i ein stadig vekst. Omsetnaden er stabil, og var for siste år på 30 millionar kroner for butikken og verkstaden. Då er salet av traktorar og reiskap ikkje med.
På spørsmål om det blir endringar i vareutvalet etter nyopninga, svarer Tveiten at dei må halde fram å vere tydelege når det gjeld spesialvarer bøndene vil ha.

Scooter nytt
Pluss å ha eit godt utval til hus, hage og fritid.
Eit nytt tilbod frå i vår blir sal av scooterar. Ingen andre sel dei her i distriktet i dag, fortel Per Terje Tveiten. Sortimentet av biltilhengarar er også stort.
— Det er heile tida ei utfordring å ha ting som ingen andre har til ein akseptabel pris. Dette siste kan vi konkurrere med gjennom tilslutninga av kjedene vi er med i. Prisen på landsbasis er lik, same kor i landet ein bur. Men mest blir vi samanlikna med distriktet sørover pluss Haugesund-distriktet, seier han.
Ei anna vare som sel godt er motorsager. Dette var av dei ting som selde ekstra godt opningsdagen. Då fekk dei 25 første kundane 2.000 kroner i innbyte for den gamle saga ved å kjøpe ny.
— Vi må ha gode tilbod, men det er ikkje nok i dag. Vi må også finne på ekstra stunt for å bli lagt merke til, seier Tveiten.
Elles vanka det som seg hør og bør kake og utlodding opningsdagen.